50 Ways to Leave Your Lover

50 Ways to Leave Your Lover
Singel av Paul Simon
frå albumet Still Crazy After All These Years
Utgjeve desember 1975
Sjanger Softrock
Lengd 3:35
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Paul Simon-kronologi 
«Gone at Last»
(1975)
50 Ways to Leave Your Lover «Still Crazy After All These Years»
(1976)


«50 Ways to Leave Your Lover» er ein song av Paul Simon frå albumet Still Crazy After All These Years frå 1975. Patti Austin, Valerie Simpson og Phoebe Snow syng korvokal på songen. .

Songen vart skriven etter at Simon skilde seg frå den første kona si Peggy Harper. Songen omhandlar korleis ein kan forlate kona si, og elskarinna i songen gjev ektemannen mange råd. Studiotrommis Steve Gadd skapte den unike trommerytmen som danna bakgrunnen for alle versa i songen. På refrenga blir det brukt ein enkel trommerytme frå rock.

You just slip out the back, Jack
Make a new plan, Stan
You don't need to be coy, Roy
Just get yourself free

Paul Simon (1975)

Songen vart gjeven ut på singel i desember 1975 og nådde heilt til topps i USA og vart liggande deri i tre veker frå februar 1976. Han selde til gullplate i mars 1976 og vart verande ein bestseljar i nesten fem månader. Songen er så langt den største hitten Simon har hatt i heimlandet.

Kjelder endre