561. etterretningssenter

561. etterretningssenter (russisk 561 морской разведывательный пункт) er ei SPETSNAZ-eining i Austersjøflåten i det russiske forsvaret. Eininga er forlagt til Parusnoje i Kaliningrad.[1][2][3][4]

Samansetjing endre

Eininga var i 2015 samansett av 5 kompani, eit av desse med vakthald som oppgåve. Folka som er tilsette ved eininga med feltpostnummer 10617 vert uoffisielt kalla «parusnikar», 'seglbåtar'.[5]

Historiske aktivitetar endre

27. oktober 1981 grunnstøtte ein sovjetisk ubåt, «S-363», ved Tohamnaskär utanfor Karlskrona. 14 sovjetiske fartyg sette kurs mot havaristen for å hjelpe ubåten av grunn, og å nøytralisere eit svensk skip som hindra slik hjelp. Nokre av desse fartøya hadde angrepsdykkarar frå Austersjøflåten sin SPETSNAZ-styrke om bord. Desse skulle etter planen kapre det svenske skipet som hindra ubåten å kome seg ut i internasjonale farvatn. Berre ein halvtime før denne planen skulle utførast, vart den avblåst. Årsaka var at dei sovjetiske fartøya kom for seint, for det svenske kystartilleriet vart sett i stand til å legge området rundt den grunnstøtte ubåten under tung eld.[6]

Referansar endre

  1. http://wikimapia.org/10292006/ru/561-й-ОМРП-Специальной-разведки-ВМФ
  2. https://vk.com/wall-46306033_294
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 10. desember 2012, henta 19. mars 2018 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. mars 2018, henta 19. mars 2018 
  5. https://voenpro.ru/voentorg/flag-561-omrp-spesnaza-gru-baltiyskiy-flot-
  6. https://www.dagbladet.no/nyheter/sovjetiske-spesialstyrker-skulle-kapre-svensk-skip-for-a-befri-grunnstott-ubat/69665376