Opna hovudmenyen

Alan Alexander Milne

britisk poet og skribent
(Omdirigert frå A.A. Milne)

Alan Alexander Milne (18. januar 188231. januar 1956), kjend som A.A. Milne, var ein britisk forfattar som er best kjent for bøkene om Ole Brumm. Han har òg skrive barnerim, nokre av dei om Ole Brumm og vennene hans.

Alan Alexander Milne
A a milne.jpg
Fødd 18. januar 1882
London
Død

31. januar 1956
Hartfield

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, barnebokforfattar, manusforfattar, offiser, prosaforfatter, skodespelforfattar
Alan Alexander Milne på Commons

A.A. Milne vart fødd i Skottland, men voks opp i London. Som barn hadde han blant anna H. G. Wells som lærar. Han gjekk på Westminster School og Trinity College, Cambridge der han studerte matematikk. Under opphaldet der kom han på trykk i studentmagasinet Granta.

A.A. Milne skreiv for det britiske humorbladet, og blei sidan assisterande redaktør for bladet. Milne deltok i den britiske hæren under første verdskrigen, men etter krigen fordømde han krigen i Peace with Honour (1934) (ei fordømming han modererte noko i 1940 med War with Honour). I 1925 kjøpte han ein landstad i Hartfield i East Sussex og flytta hit etter å ha blitt ufør etter ein hjerneoperasjon i 1952.

Etter at A.A. Milne døydde, vart rettane til Ole Brumm-figurane selde til Walt Disney Company, som har lagd fleire teiknefilmar om Ole Brumm og produsert mange Ole Brumm-relaterte produkt.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra