A.C. Reed
Aaron Corthen, betre kjend som A.C. Reed (9. mai 1926–24. februar 2004)[1] var ein amerikansk blues-saksofonist, nært knytt til Chicago blues-miljøet frå 1940-åra til 2000-åra.
A.C. Reed | |
![]() Reed i 1980 | |
Fødd | 9. mai 1926 |
---|---|
Fødestad | Wardell i Missouri i USA |
Død | 24. februar 2004 (77 år) |
Dødsstad | Chicago i Illinois i USA |
Fødenamn | Aaron Corthen |
Opphav | USA |
Aktiv | 1940åra til 2004 |
Sjanger | Chicago blues, soul blues |
Instrument | Saksofon |
Plateselskap | Alligator Records |
Verka som | Saksofonist |
BiografiEndra
Reed var fødd i Wardell i Missouri, og voks opp sør i Illinois. Han tok scenenamnet sitt frå venen Jimmy Reed.[2] Han flytta til Chicago under andre verdskrigen, og spelte med Earl Hooker og Willie Mabon i 1940-åra.[2] Han turnerte med Dennis «Long Man» Binder i 1956 og arbeidde mykje som sidemann for bluesselskapet til Mel London i 1960-åra, med Lillian Offitt og Ricky Allen, blant fleire. Han fekk ein populær singel i Chicago-området i 1961 med «This Little Voice», og spelt einn fleire andre singlar det neste tiåret for Age, USA, Cool og Nike Records.
Han vart medlem av bandet til Buddy Guy i 1967 og spelte med han på turneen hans i Afrika i 1969, og med Junior Wells varma han opp for Rolling Stones i 1970.[2] Han spelte med Guy fram til 1977. Han spelte så med Son Seals og Albert Collins seint i 1970- og i 1980-åra.[2] Han byrja å spele inn solomateriale for Alligator Records i 1980-åra.[2] Albumet hans I'm in the Wrong Business frå 1987 vart spelt inn med Stevie Ray Vaughan og Bonnie Raitt som gjesteartistar.[2]
Reed turnerte mykje i 1980- og 1990-åra med bandet sitt, The Spark Plugs, og spelte små konsertstader i USA. Han og The Sparkplugs spelte i Chicago før han døydde av kreft i 2004.[1]
DiskografiEndra
- Take These Blues and Shove 'Em (Rooster Blues, 1982)
- I Got Money (Blue Phoenix, 1986) (med Maurice John Vaughn)
- I'm in the Wrong Business (Alligator Records, 1987)
- Junk Food (Delmark Records, 1998)
Med Magic Sam
- Rockin' Wild in Chicago (Delmark, 1964 [2002])
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «A.C. Reed» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: