ALEPH Ordination Programs

(Omdirigert frå ALEPH Ordination Program)

ALEPH Ordination Programs, eller ‘ALEPH ordinasjonsprogram’ på norsk, er namnet på det desentraliserte teologiske seminaret som blir drive av ALEPH — felagskapet for Jewish Renewal. Skulen er i dag er godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer leiarane av alle dei større nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane. Seminaret har tre program: det rabbinske programmet, rabbinsk pastor-programmet og kantorprogrammet. Dean (administrativ leiar) for seminaret er Marcia Prager (2005).

ALEPH Rabbinical Program endre

ALEPH Rabbinical Program er hovudprogrammet av dei tre noverande ordinasjonsprogramma. Programmet er ei vidareføring og formalisering av rabbinar og hovudføregangsmann bak Jewish Renewal-rørsla, Zalman Schachter-Shalomi, sitt arbeid med rettleiing og ordinering av ein mindre krins av rabbinarar sist i 1970-åra og i 1980-åra.


Bakgrunnsstoff endre