A Shot at Glory av Mark Knopfler

filmmusikkalbum av Mark Knopfler
A Shot at Glory
Filmmusikkalbum av Mark Knopfler
Utgjeve 28. april 2002
Innspelt Castle Sound Studio, 1999–2000
Sjanger Filmmusikk, keltisk musikk
Lengd 37:46
Selskap Mercury
Produsent Mark Knopfler, Guy Fletcher
Mark Knopfler-kronologi 
Sailing to Philadelphia
(2000)
A Shot at Glory The Ragpicker's Dream
(2002)


A Shot at Glory er eit filmmusikkalbum av den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut den 28. april 2002 av Mercury Records. Albumet består av musikk skriven for filmen A Shot at Glory frå 2001, regissert av Michael Corrente.[1]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [1]

I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet tre av fem stjerner og skreiv at filmmusikkalbuma til Knopfler er så tett knytt til han at «det er eit dilemma kvar ein skal plassere dei i platehyllene».[1] Ruhlmann sa vidare:

« Musikken er ikkje overraskande for dei som har sett og høyrt filmmusikken til Knopfler tidlegare, som Local Hero og The Princess Bride. Det er somme skotske tema som høver med setjinga til filmen, nokre langsame instrumentalar der Knopfler fingerplukkar på akustisk gitar og tre vokale spor. «He's the Man» høyrest ut som han kunne ha passa inn på eit album av Knopfler eller Dire Straits med ein rockemelodi; «Say Too Much» er eit jazznummer med trompet- og saksofonsolo, og minimalt med tekst; og «All That I Have in the World» er ein var ballade. Fører opp nok eit filmmusikkalbum av Mark Knopfler der han gjentek seg sjølv, men på ein behageleg måte.[1] »

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sons of Scotland» 2:18
2.«Hard Cases» 3:27
3.«He's the Man» 4:42
4.«Training» 3:29
5.«The New Laird» 2:21
6.«Say Too Much» 2:39
7.«Four in a Row» 4:42
8.«All That I Have in the World» 3:22
9.«Sons of Scotland – Quiet Theme» 3:00
10.«It's Over» 4:10
11.«Wild Mountain Thyme»Francis McPeake3:36
Total lengd:37:46

Medverkande endre

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Guy Fletcher – produsent

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ruhlmann, William. «A Shot at Glory». AllMusic. Henta 18. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff endre