Aagot Noss (fødd 9. oktober 1924 i Ål i Hallingdal, død 5. april 2015)[1] var ein norsk tradisjonsforskar og museumskonservator.

Aagot Noss

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1924
Ål
Død

5. april 2015 (90 år)
Oslo kommune

Yrke etnolog
Språk norsk

Aagot Noss byrja i 1956 å arbeide ved drakt- og tekstilavdelinga på Norsk Folkemuseum, og byrja då å kartleggje fakta om norske drakttradisjonar. Dette førte til ein god del reising landet rundt for å hente inn informasjon frå folk som var kjende med eldre klestradisjonar. Ho var ei tid i Valle og Bykle i Setesdal for å dokumentere ein klestradisjon som hadde vore ubroten frå mellomalderen fram til moderne tid. Frå 1972 arbeidde Aagot Noss som førstekonservator i Norsk Folkemuseum. Ho gjekk av med pensjon i 1994.

Bibliografi endre

Aagot Noss har gjennom alle åra ho har vore knytt til Norsk Folkemuseum skrive fleire artiklar i årboka til institusjonen, By og Bygd. Nokre av desse har sidan vorte trykt opp som særtrykk. Dessutan har ho skrive eller vore med på å skrive ei rekkje utstillingskatalogar. Ho står òg bak fleire filmar som Norsk Folkemuseum har produsert.

Prisar endre

Aagot Noss har motteke fleire prisar for det omfattande arbeidet sitt, mellom anna Kongens fortenestemedalje i gull i 1994. Ho vart i 2002 utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

  • 1986 «Kungliga Gustav Adolfs Akademiens pris» for grundläggande forskningar rörande folkdräktens historia i Norge.
  • 1994 Kongens fortenestmedalje i gull
  • 1994 Buskerud fylkes kulturpris
  • 2002 Riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske Sankt Olavs Orden
  • 2005 Æresmedlem av Norsk Folkemuseum
  • 2009 Sørlandets Kompetansefonds populærvitenskapelige pris for boka Stakkekelde i Setesdal - Byklaren og valldølen.
    Prisen var på 20.000 kroner og eit kunstfotografi av Olav Breen.

Kjelder endre

  1. Aftenposten, papirutgåva 9. april 2015, nekrolog side 46