Aasbjørn Slettemark

norsk lyrikar

Aasbjørn Slettemark (3. november 189014. mai 1919) var ein norsk lærar og forfattar.

Aasbjørn Slettemark

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. november 1890
Død

14. mai 1919 (28 år)

Yrke lyrikar

Slettemark var frå Naustdal kommune. Han gjekk på Sunnfjord ungdomsskule 1906-1907, tok artium ved Hauges Minde i Oslo 1911 og tok til å studera filologi i 1912. Men han vart sjuk, han lei av pleuritt, og måtte gje opp studiet. I staden tok han ein tilleggsprøve ved Elverum lærerskole, slik at han kunne undervise. Han arbeidde som lærar ved folkehøgskulane i Vefsn og i Gudbrandsdalen.

Slettemark skreiv mellom anna dikt og noveller, trykt i Norsk Barneblad og Unglyden. Men lungesjukdommen førte til hol på ei blodåre i lunga, og han døydde heime i Naustdal, berre vel 27 år gamal.

Noko av det han skreiv vart samla av Julius Gjermundstad og gjeve ut i bokform i 1931. Han var også ein habil kunstmålar og felespelar.

Aasbjørn Slettemark var onkel til den seinare så kjende kunstnaren Kjartan Slettemark.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1931 – Ei samling av dikti, brevi og forteljingane hans (Sandane: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no  [Samla og utgjeve ved Julius Gjermundstad]

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre