Uttrykk frå latin
Wikimedia-listeartikkel
(Omdirigert frå Ab ovo)
Dette er ei liste over mykje brukte uttrykk frå latin.
A
endreUttrykk | Tyding (og ev. bruk) |
---|---|
a dato | frå denne dag |
ab eterno | frå æve av |
ab hinc | herifrå, heretter |
ab igne ignem | av eld kjem eld |
ab initio | frå byrjinga |
ab ovo | frå egget, dvs. heilt frå den aller første byrjinga. Uttrykket stammar frå Horats. |
abrupt | brått, usamanhengande, avbrote |
abstrus | dunkel, vanskeleg å forstå |
ab urbe condita | etter at byen (Roma) vart grunnlagd |
abusos non tollit usum | misbruk utelukkar ikkje bruk |
abusus | misbruk; verditap ved bruk av ein gjenstand |
acta | dokument, handlingar. |
acta sanctorum | gjerningane åt dei heilage |
actus purus | rein handling/verksemd (brukt av Thomas Aquinas om den høgste stofflause forma, Gud) |
ad | preposisjon, tyder t.d. for, til, ved ... |
ad absurdum | til det absurde, brukt til dømes i ad absurdum-bevis |
ad acta | bortlagd (førebels), saka er lagd ad acta (bokstavleg: «til aktene») |
ad arma | til våpen |
ad bestias | til dei ville dyra, domsformular frå romartida |
ad experimentum | som eit forsøk, mellombels |
ad extremum | til slutt |
ad hoc | til dette (føremålet), t.d. i ad hoc-løysing og ad hoc-organisasjon |
ad infinitum | i det uendelege |
ad interim | førebels, inntil vidare |
ad lit(t)eram | etter bokstaven, dvs. bokstavleg (tala), ordrett |
ad maiorem Dei gloriam (AMDG) | til den større Guds herlegdom, mottoet til Jesuittordenen |
ad nauseam | til det vemmelege el. kvalmande |
ad notam | merkje seg, leggje seg på minnet |
ad perpetuam memoriam | til evig minne |
ad pias causas | til gode (eig. fromme) føremål, til ei god sak |
ad quadratum | til kvadratet, arkitektonisk komposisjonssystem |
ad referendum | (saka) vert notert el. lagt føre (t.d. for ei overordna styresmakt) |
ad rem | som høyrer til saka, el. som utrop: til saka! |
ad undas | til bølgjene; gå ad undas, gå i vasken, vere mislukka |
ad usum | til bruk; ad usum proprium, til eige bruk |
ad valorem | etter verdien; ad valorem-toll, verditoll |
adekvat (av adaequare) | god nok |
adolescens | pubertet |
anno domini | i det herrens år, markerer årstal med tida etter Kristi fødsel |
C
endreUttrykk | Tyding (og ev. bruk) |
---|---|
calendarium perpetuum | ævekalender |
caveat emptor | akt deg, kjøpar |
caveat lector | akt deg, lesar |
culpa | skuld, brukt m.a. i jus (jf. culpa-regelen) |
E
endreUttrykk | Tyding (og ev. bruk) |
---|---|
et alibi (et al.) | og andre |
exempli gratia (e.g.) | for eksempel |
I
endreUttrykk | Tyding (og ev. bruk) |
---|---|
ibid(em) | same plass, referansen rett over i ei referanseliste |
idem | det same, i like måte |
id est (i.e.) | det er, det tyder |
O
endreUttrykk | Tyding (og ev. bruk) |
---|---|
opera citado (op. cit.) | sitert tidlegare, sitert tidlegare i ei referanseliste, men ikkje rett over |
P
endreUttrykk | Tyding (og ev. bruk) |
---|---|
perpetuum mobile | ævemaskin (bokstavleg: «evig rørsle») |
Q
endreUttrykk | Tyding (og ev. bruk) |
---|---|
qua | som, i eigenskap av |
qualis rex, talis grex | som konge, så folk |
quandoque bonus dormitat Homerus | stundom søv også den gode Homerus, dvs. sjølv den beste kan ta feil |
quantum satis (q.s.) | stor nok mengd, brukt på legereseptar |
qui pro quo | ein (i staden) for ein (annan), dvs. forveksling, misforståing |
quid Saulus inter prophetas | som Saulus blant profetane, dvs. ein som har hamna i feil selskap |
quo vadis, Domine? | kvar går du, Herre? |
quod erat demonstrandum (Q.E.D.) | som var det som skulle synast, Q.E.D. står ofte etter eit matematisk prov |
quod licet Jovi, non licet bovi | det som er tillate for Jupiter, er ikkje tillate for oksen, dvs. det ein kan godta frå ein viktig person, kan ein ikkje godta frå kven som helst |
S
endreUttrykk | Tyding (og ev. bruk) |
---|---|
status quo | som no / inga endring (bokstavleg: «tilstanden som …») |
status quo ante bellum | slik ting var før krigen |
V
endreUttrykk | Tyding (og ev. bruk) |
---|---|
veni, vidi, vici | eg kom, eg såg, eg vann (sigra) |
Kjelder
endre- Mange av uttrykka er henta frå nettutgåva til leksikonet Caplex