Abelone Møgster

norsk motstandskjempar

Abelone Karia Larsdotter Møgster (29. oktober 188325. november 1975) frå øya Møkster i Austevoll kommune var ei norsk motstandskvinne under den andre verdskrigen.

Abelone Møgster
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. oktober 1883
Austevoll kommune
Død

25. november 1975 (92 år)

Yrke motstandskjempar

Ho starta landhandel i eit naust i Vestrevågen på Møkster i 1910. På 1920-talet lånte ho pengar for å lage veg til Naustvågen lenger sør på øya. Der ville ho bygge ny butikk. Ho meinte at det ville gi betre hamneforhold. Etter at vegen var ferdig bygde ho kai og ny landhandel i Naustvågen. Denne stod klar på siste del av 1920-talet, truleg i 1927. Frå denne landhandelen dreiv ho handel med «spisendes og slitendes», som ho sjølv kalla det. Ho dreiv og fiskemottak og rutebåtekspedisjon, for fiskarane og øyfolket.

Den 25. juni 1942 vart Møgster arrestert av tyskarane for å ha hjelpt englandsfararar under flukt frå Noreg. Ho var utsett for tortur og overført til Bergen kretsfengsel. Seinare vart ho send til Grini. Derifrå gjekk ferda vidare til kvinneleiren Ravensbrück som NN-fange. Ved årsskiftet 1944/1945 vart ho overført til fangeleiren Mauthausen i Austerrike. Mauthausen var ein rein utryddingsleir. I midten av mars 1945 kom ho med den siste av Folke Bernadottes kvite bussar som henta fangar i denne leiren. Ferda gjekk så via Danmark til rehabiliteringsleir i Sverige. Tidleg i juni 1945 kom ho endeleg attende til Noreg og Møkster.

Abelone Møgster var den eldste norske kvinna som overlevde fangenskapet som NN-fange. I fangenskap fekk ho tilnamnet «Engelen frå Ravensbrük». Etter krigen fekk ho Kongens fortjenstmedalje i gull for innsatsen for Noreg.

Abelone Møgster var ugift.

Ved tusenårsskiftet var Abelone Møgster ein av ti som vart nominert til utmerkinga som Århundrets vestlending av avisa Bergens Tidende.

Kjelder endre