Aberrasjon i optikk

Aberrasjon er ein optisk avbildingsfeil som skuldast at eit system av linser og/eller krumme speglar ikkje avbildar objektpunkta eintydig som biletpunkt. Aberrasjonen er bestem av forma til dei speglande flatene og av fargespreiinga til linsa.

Ei sfærisk linse med kort brennvidd klarar ikkje å fokusere alle innkomande lysstråler til same punkt.

Dei vanlegaste typane optisk aberrasjon er sfærisk aberrasjon og kromatisk aberrasjon, men aberrasjon syner òg til fenomena tilt, koma og astigmatismering.

Sfærisk aberrasjonEndra

Sfærisk aberrasjon oppstår når ljos brytast gjennom ei linse som er av sfærisk form, fordi ljos som kjem inn frå ulike stader på linsa ikkje blir fokusert i same brennpunkt. Dette resulterer i at ein ikkje får stilt inn fullt nøyaktig fokus, men heller må fokusere der majoriteten av brennpunkta finst. Sfærisk aberrasjon kan minimerast ved å kombinere positive og negative linser, og/eller asfæriske linser. Denne kombinasjonen av linser kan då bryte ljoset til eit felles brennpunkt.

 
Ljos i ulike fargespekter kjem ut i ulike retningar frå linsa, sjølv når dei kjem inn i same punkt og i same retning.
 
Det nedste biletet viser kromatisk aberrasjon som har oppstått i eit objektiv av relativt dårlegare kvalitet enn det som er brukt ved det øvste.

Kromatisk aberrasjonEndra

Kromatisk aberrasjon, òg kalla fargeblødning, oppstår som feilaktige utgåande linjer langs kantar med stor kontrast. Kromatisk aberrasjon oppstår ved at ljos med ulikt bølgjelengd kan brytast ulikt, og at det dermed får ulike brennpunkt. Linjene er ofte nyansar av lilla på grunn av den korte bølgjelengda til lilla lys. Kromatisk aberrasjon er utbreidd blant objektiv av relativt dårleg kvalitet, då spesielt hos tidlege digitale kompaktkamera.

KjelderEndra