Abram Jefimovitsj Arkhipov (27. august 186225. september 1930) var ein russisk kunstmålar av den realistiske skulen. Han var medlem av kunstnarfellesskapet Peredvizjnikij så vel som Russlands Kunstnarforeining.

Abram Arkhipov

Fødenamn Абрам Ефимович Архипов
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 15. august 1862
Jegorov
Død

25. september 1930 (68 år)
Moskva

Yrke kunstmålar
Språk russisk
Sjanger portrett
Abram Arkhipov på Commons
'Vaskekvinnene', ca. 1901

Liv endre

Arkhipov var fødd i landsbyen Jegorovo i Rjazan oblast, i ei religiøs, russisk-ortodoks familie. Han forlet heimstaden i 1877 for å ta til ved Moskvas skule for måling, arkitektur og bilethogging. I Moskva kom han under formyndarskap frå ulike russiske målarar, der i mellom Vasilij Perov, Vasilij Polenov og Vladimir Makovskij. I 1883 tok Arkhipov til å studere ved Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg. Han oppheldt seg der i to år, før han returnerte til Moskva og fullførte kunststudiane der.

Arkhipov vart med i kunstnarfellesskapet Peredvizjnikij i 1889, og slutta seg til Russlands Kunstnarforeining i 1903.

Virke endre

Russiske kvinners liv er eit tema som går att i hans kunstverk. Somme av måleria hans basert på ideretninga realismen, skildrar fælslege trekk frå dagleglivet til kvinner. Arkhipov måla også fleire bilete av bondekvinner i landsens Russland. Han syner dei fram i livfulle, tradisjonelle kjolar og nasjonaldrakter. Til liks med andre i Russlands Kunstnarforeining måla Arkhipov jamleg en plein air. Han reiste og til Nord-Russland og kysten av Kvitsjøen og måla scener der.

Arkhipov underviste ved Moskvas skule for måling, arkitektur og bilethogging, der han tidlegare hadde studert. Arkhipov melde seg inn i Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland i 1924, og i 1927 vart han tildelt tittelen Folkets kunstnar av Sovjetunionen.

Arkhipov døydde i Moskva i 1930.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Abram Arkhipov