Abruka er ei øy i Austersjøen utanfor kysten av Estland i kommunen Kaarma i Saare maakond. Øya er om lag 8,78 km² med eit folketal på nesten 40. Vassvegen mellom Abruka og Roomasssare er 6 km.

Abruka
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 58°08′50″N 22°30′30″E / 58.14722°N 22.50833°E / 58.14722; 22.50833

Areal 8,78 km²

Administrasjon
Land Estland
Maakond Saare maakond

Demografi
Folketal 40

Dei første nedteikningane etter busetnad på øya kom frå mellomalderen då biskopen i Saare-Lääne oppretta eit landgods for hesteavl her. Fast busetnad på øya vart det først på 1700-talet, og på det meste budde det 150 menneske på Abruka.

Dei største naboøyane er Vahase, Kassilaid og Linnusitamaa (som bokstavleg tyder «fugleskitland» på estisk)

På neset Limbi ligg det eit fyr. Fyret er 36 meter høgt og vart bygd i 1931.

Det er eit botanisk og zoologisk reservat på øya med eit areal på 92 ha. I 1878-1880 vart det grunnlagd ein såkalla «hjortepark» på øya, der 13 hjort vart ført her til frå Kuramaa. I dag er det framleis hjort på øya.

På gravstaden på øya står det ein minneskross for dei som forsvann i «M/S Estonia»-ulukka i 1994.

Bygningen i det lokale sentrumet på øya vart bygd på 1960-talet, og vert i dag brukt som feriehus. Det er òg ein campingplass med eldstad og leikeplass for ballspel.

Ein kan kome til Abruka med båt frå hamna i Roomassaare.

Kjeldee endre