Absolute Beginners av David Bowie

Absolute Beginners
Singel av David Bowie
frå albumet Absolute Beginners: The Original Motion Picture Soundtrack
B-side

Absolute Beginners (Dub Mix)

Språk engelsk
Utgjeve 3. mars 1986
Innspelt
Sjanger Rock
Lengd 8:03 (albumversjon)
5:36 (singelversjon)
Selskap Virgin
VS838
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Dancing in the Street»
(1985)
Absolute Beginners Underground
(1986)


«Absolute Beginners» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie. Han kom ut 3. mars 1986 og var temasongen til filmen med same namn i 1986 (som i seg sjøl var basert på boka Absolute Beginners).

Sjølv om filmen ikkje gjekk så godt, vart songen ein stor hit og nådde andreplassen på UK Singles Chart. Han nådde òg topp 10 i ti andre land. I USA nådde han 53. plassen på Billboard Hot 100.

Bowie framførte «Absolute Beginners» under Glass Spider-turneen sin i 1987, «Mini»-turneen i 2000 og Heathen-turneen i 2002. Songen har kome ut på ei rekkje samlealbum av Bowie og kom ut som bonusspor på nyutgjevinga av Tonight (1984) i 1995.

Bakgrunn og innspeling endre

Bowie var god ven med filmregissøren Julien Temple (som hadde arbeidd med han i 1984 med kortfilmen Jazzin' for Blue Jean), og fekk både ei birolle som Vendice Partners, og ein avtale om å spele inn teamsongen.

Han vart spelt inn i Clive Langer & Alan Winstanley sitt Westside Studios i London. Innspelinga vart gjort kjapt, men songen vart forseinka fordi det var problem under filminga av filmen. Virgin ønskte å gje ut songen i samband med premieren til filmen. Songen vart spelt inn med Rick Wakeman på piano, som tidlegare hadde spelt med Bowie på «Space Oddity»-singelen og albumet Hunky Dory. Kort tid etter innspelinga var over, kom Mick Jagger inn og spelte inn «Dancing in the Street», der dei nytta mange av dei same musikarane. Songen blanda ein 1950-tals doo-wop-stil med 80-talsstilen til Bowie.

Mottaking endre

AllMusic skildra «Absolute Beginners» som «juvelen til Bowie på 80-talet etter Let's Dance, ein stor og fantastisk ballade som let Bowie syngje som Sinatra, slik han har gjort på mange av dei beste framføringane sine».[3] Han vart vald ut av Jeremy Allen i The Guardian som ein av dei ti beste songane til Bowie.[4] Biografen Paul Trynka skildra «Absolute Beginners» som den siste store komposisjonen til Bowie i 1980-åra,[5] medan rockekritikaren Chris O'Leary skildra han som «nydeleg og ein avskjed,» med «ein av dei beste Bowie-melodiane» i refrenget.[6]Mojo sette songen på 61. plassen på lista si over dei 100 beste Bowie-songane.[7]Don Weller sin saksofonsolo er av musicOMH blitt skildra som «kanskje den beste» saksofonsoloen i ein Bowie-song. Dei skildra han som «lyden av ein mann som på valdeleg vis prøver å kaste ut sitt indre gjennom instrumentet sitt» og «noko av det mest hjarteskjerande som er festa på plate».[8]

Innhald endre

Alle spor er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

3" CD: Virgin CDT 20 (Storbritannia) endre

  1. «Absolute Beginners» – 8:03
  2. «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:40

CD: Virgin CDF 20 (Storbritannia) endre

  1. «Absolute Beginners» – 8:03
  2. «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:40

7": Virgin VS 838 (Storbritannia) endre

  1. «Absolute Beginners» – 5:36
  2. «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:42

12": Virgin VSG 838–12 (Storbritannia) endre

  1. «Absolute Beginners (Full Length Version)» – 8:00
  2. «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:42
  • gjeve ut i dobbeltfalsa omslag

12": EMI America SPRO 9623 (USA) endre

  1. «Absolute Beginners (Edited Version)» – 4:46
  2. «Absolute Beginners (Full Length Version)» – 8:00
  • inkludert ein eksklusiv «redigert versjon»

Nedlasting: EMI iVS 838 (Storbritannia) endre

  1. «Absolute Beginners» – 5:36
  2. «Absolute Beginners (Full Length Version)» – 8:00
  3. «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:42

Nedlasting: Amazon.com (USA) endre

  1. «Absolute Beginners» – 5:37
  2. «Absolute Beginners (Full Length Version)» – 8:03
  3. «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:39
  4. «That's Motivation» – 4:14
  5. «Volare (Nel blu dipinto di blu)» (Comp.: Domenico Modugno) – 3:13

Musikkvideo endre

Temple filma òg ein video, som var filma i same 50-talsstil som filmen. Videoen var ein hyllest til ein gammal britisk reklame for Strand-sigarettar. Det uheldige slagordet deira «You're never alone with a Strand», «du er aldri aleine med ein Strand», er sitert av Partners i filmen. Videoen nyttar òg filmklipp frå filmen.

I 2016 valde Entertainment Weekly denne ut som ein av dei tjue beste vidoeane til Bowie. Dei sa at videoen «gjer ein langt betre jobb i å uttrykkje den ikkje-irske romantikken» i MacInnes-romanen enn filen gjorde og likte den «store danse-sloss-scenen mot slutten».[9]

Medverkande endre

Gil Evans syng refrenget på songen i filmen

Konsertversjonar endre

Andre utgjevingar endre

Salslister endre

Vekeslister endre

1986-vekesliste for «Absolute Beginners»
Liste (1986) Plassering
Australia (Kent Music Report)[10] 5
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[11] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[12] 3
Canada Top Singles (RPM)[13] 45
Europe (European Hot 100 Singles)[14] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[15] 1
Frankrike (SNEP)[16] 21
Hellas (IFPI)[17] 2
Irland (IRMA)[18] 1
Italia (Musica e dischi)[17] 3
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[19] 4
Nederland (Mega Single Top 100)[20] 8
New Zealand (RIANZ)[21] 4
Noreg (VG-lista)[22] 4
South Africa (Springbok Radio)[23] 6
Spain (AFYVE)[24] 15
Sverige (Sverigetopplistan)[25] 5
Sveits (Schweizer Hitparade)[26] 3
UK Singles (Official Charts Company)[27] 2
US Billboard Hot 100[28] 53
US Mainstream Rock (Billboard)[29] 9
US Cash Box Top 100 Singles[30] 61
Vest-Tyskland (Offisiell tysk singelliste)[31] 7
2016 weekly chart performance for «Absolute Beginners»
Liste (2016) Plassering
Portugal (AFP)[32] 81

Årslister endre

Årsliste for «Absolute Beginners»
Liste (1986) Plassering
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[33] 22
Australia (Kent Music Report)[34] 40
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[35] 27
Europa (European Hot 100 Singles)[36] 25
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[37] 41
Nederland (Single Top 100)[38] 53
New Zealand (Recorded Music NZ)[39] 37
Sveits (Schweizer Hitparade)[40] 30
Vest-Tyskland (Official German Charts)[41] 73

Kjelder endre

  1. Thompson, Dave (2006). Hallo Spaceboy: The Rebirth of David Bowie. ECW Press. s. 321. ISBN 978-1550227338. 
  2. Shepherd, Jack (2. september 2021). «David Bowie impersonates Bruce Springsteen, Neil Young, Iggy Pop and Lou Reed in newly unearthed recording». The Independent. Arkivert frå originalen 25. september 2021. Henta 5. september 2021. 
  3. LeRoy, Dan. «Absolute Beginners – Original Soundtrack». AllMusic. Arkivert frå originalen 31. juli 2016. Henta 5. september 2021. 
  4. Allen, Jeremy (3. desember 2014). «David Bowie: 10 of the best». The Guardian (London). Arkivert frå originalen 8. mars 2017. Henta 3. september 2021. 
  5. Trynka, Paul (2012). David Bowie: Starman. Sphere. ISBN 978-0751542936. Henta 5. september 2021. 
  6. O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie, 1976–2016. Repeater Books. s. 230. ISBN 978-1912248308. 
  7. «David Bowie - The 100 Greatest Songs». Rocklist.net. Arkivert frå originalen 31. august 2010. Henta 8. november 2016. 
  8. Jeffery, Alex (2. september 2021). «The Pranny Genius Of David Bowie». musicOMH. Arkivert frå originalen 5. september 2021. Henta 5. september 2021. 
  9. Anderson, Kyle (2. september 2021). «David Bowie's 20 best music videos». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 5. september 2021. Henta 5. september 2021. 
  10. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 43–44. ISBN 0-646-11917-6. 
  11. "David Bowie – Absolute Beginners – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  12. "Ultratop.be – David Bowie – Absolute Beginners" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  13. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  14. «European Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 3 (17): 12. 3. mai 1986. OCLC 29800226 – via World Radio History. 
  15. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. 
  16. "Lescharts.com – David Bowie – Absolute Beginners" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  17. 17,0 17,1 «Top 3 in Europe» (PDF). Music & Media 3 (20): 14. 24. mai 1986. OCLC 29800226 – via World Radio History. 
  18. "The Irish Charts – Search Results – Absolute Beginners". Irish Singles Chart.
  19. "Nederlandse Top 40 – David Bowie search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  20. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Absolute Beginners" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  21. "Charts.org.nz – David Bowie – Absolute Beginners". Top 40 Singles. Hung Medien.
  22. "Norwegiancharts.com – David Bowie – Absolute Beginners". VG-lista. Hung Medien.
  23. «SA Charts 1965–1989 (As presented on Springbok Radio/Radio Orion) – Acts B». The South African Rock Encyclopedia. Arkivert frå originalen 2. august 2017. Henta 29. januar 2017. 
  24. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  25. "Swedishcharts.com – David Bowie – Absolute Beginners". Topp 60. Hung Medien.
  26. "David Bowie – Absolute Beginners – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  27. "Chart Stats – David Bowie – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  28. "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  29. "David Bowie Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 5. september 2021.
  30. «Cash Box Top 100 Singles – Week ending 10. mai 1986». Cash Box. Henta 6. september 2021. 
  31. "Offiziellecharts.de – David Bowie – Absolute Beginners". GfK Entertainment Charts. Henta 6. september 2021.
  32. "Portuguesecharts.com – David Bowie – Absolute Beginners". AFP Top 100 Singles.
  33. «Jahreshitparade Singles 1986». austriancharts.at (på tysk). Henta 6. september 2021. 
  34. «National Top 100 Singles for 1986». Kent Music Report (650). 29. desember 1986 – via Imgur. 
  35. «Jaaroverzichten 1986 – Singles» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 6. september 2021. 
  36. «European Hot 100 Singles – Hot 100 of the Year 1986» (PDF). Music & Media 3 (51/52): 28. 27. desember 1986. OCLC 29800226 – via World Radio History. 
  37. «Top 100-Jaaroverzicht van 1986» (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40. Henta 6. september 2021. 
  38. «Jaaroverzichten – Single 1986» (på nederlandsk). Dutch Charts. Henta 6. september 2021. 
  39. «Top Selling Singles of 1986». Recorded Music NZ. Henta 6. september 2021. 
  40. «Schweizer Jahreshitparade 1986». hitparade.ch (på tysk). Henta 6. september 2021. 
  41. «Top 100 Single-Jahrescharts – 1986» (på tysk). Offizielle Deutsche Charts. Henta 6. september 2021. 

Bakgrunnsstoff endre