Termodynamisk temperatur

absolutt temperaturmål
(Omdirigert frå Absolutt temperatur)

Termodynamisk temperatur eller absolutt temperatur er eit absolutt mål på temperatur og er ein av dei grunnleggjande parametrane i termodynamikk. Termodynamisk temperatur er ein «absolutt» skala fordi han er eit mål på den fundamentale eigenskapen bak temperatur. Nullpunktet, absolutt null, er temperaturen der partiklane i eit stoff har minimal rørsle og derfor ikkje kan verte kaldare.

Ein figur med gassmolekyl. Temperaturen i gassen er eit mål på den midla energien til molekyla når dei flyttar seg og kolliderer inne i boksen.

Temperatur oppstår som følgje av mikroskopiske rørsler til partiklane som utgjer eit stoff. Desse rørslene fører til kinetisk energi i stoffet. Meir spesifikt er den termodynamiske temperaturen eit mål på den midla kinetiske energien til ei form for vibrasjonsrørsle for partiklane kalla translasjonsrørsle. Translasjonsrørsle er rørsler i tre dimensjonar der partiklar flyttar seg rundt og utvekslar energi når dei kolliderer med kvarandre. Figuren til høgre viser slik translasjonsrørsle i ein gass. Den termodynamiske temperaturen sitt nullpunkt, absolutt null, er temperaturen der partiklane i stoffet har minimal rørsle. Den einaste rørsla dei då har er kvantemekanisk rørsle.

Kjelder endre