Treskonebb

fugleart
(Omdirigert frå Abu-markub)
Treskonebb
Treskonebb, Balaeniceps rex Foto: Jerry Thompson
Treskonebb, Balaeniceps rex
Foto: Jerry Thompson
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av treskonebb
Utbreiinga av treskonebb
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Balaenicipitidae
Slekt: Balaeniceps
Art: Treskonebb B. rex
Vitskapleg namn
Balaeniceps rex

Treskonebb, Balaeniceps rex, (arabisk abu-markub[1]) er ein stor storkefugl i tropisk Aust-Afrika og han er den einaste medlemmen av den biologiske familien Balaenicipitidae. Han har fått namnet etter det skoliknande nebbet.

Treskonebbar er særs store fuglar som kan få ei kroppslengd på 150 cm og dei veg frå 4 til 7 kilogram, ein av verdas største fuglar. Nebbet er stort og breitt med ein lys rosa til oransjeaktig grunntone med mørke flekker. Likskapen mellom nebbforma og nesen på ein kval er bakgrunnen for det vitskaplege namnet åt denne fuglen. Han har kraftig kroppsbygging med lange bein og med kraftige klør. Dei vaksne fuglane er i hovudsak grå med lysare fjørkanter, medan ungfuglane er brunare. Desse fuglane lever i Sudan, Etiopia, Zaire, Rwanda, Uganda, Tanzania og Zambia. Dei vadar i store flokkar gjennom store våt- og sumpmarker. Føda består hovudsakleg av fisk som dei fangar i leirhaldige vassdrag. Dei legg vanlegvis to egg i eit reir som ligg rett på bakken.

Verdspolulasjonen er rekna til mellom 5000 og 8000 individ, der majoriteten finst i Sudan. BirdLife International har klassifisert arten som sårbar ('Vulnerable') og det største trugsmålet mot arten er øydelegging av habitat, uroingar og jakt.

Kjelder endre