Abu Kamal
Abu Kamal eller al-Bukamal er ein by aust i Syria ved Eufrat nær grensa til Irak. Eufrat deler Abu Kamal i to område: Shamiyya (som høyrer til Levanten) og Jazira (som høyrer til Mesopotamia) Al-Jazira, eit sletteområde som består av det nordaustlege Syria og nordvestlege Irak, og som skil seg markant frå Den syriske ørkenen og den nedre, lågare delen av det sentrale Mesopotamia. Abu Kamal er eit økonomisk blømande jordbruksområde med kvegdrift, og dyrking av korn og bomull. Her ligg òg den historiske staden Dura-Europos og det gamle kongedømet Mari.
Abu Kamal | |||
البوكمال | |||
by | |||
Eufrat sett frå Abu Kamal
| |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Deir ez-Zor guvernement | ||
Distrikt | Abu Kamal-distriktet | ||
Høgd | 175 moh. | ||
Koordinatar | 34°27′13″N 40°56′12″E / 34.45361°N 40.93667°E | ||
Folketal | 66 589 (2008) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Abu Kamal 34°27′00″N 40°55′07″E / 34.45°N 40.918611111111°E | |||
Kart som viser Abu Kamal.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Bukamal |
Etymologi
endreI osmansk tid vart Abu Kamal kalla Kışla, som lokalt vart uttalt «qashla», som igjen er eit tyrkisk ord for 'militær forlegning'. Namnet «Qashla» er framleis kjend som eit anna namn på staden.[1] Namnet «Al-Bukamal» (arabisk البوكمال) tyder 'familien Kamal', og Kamal var eit folk som budde der, medan namnet Abu Kamal tyder 'faren til Kamal'.[1]
Historie
endreI romartida var Abu Kamal, som ein del av Mesopotamia, ein viktig handelsstasjon mellom Romarriket og India. Han vart erobra av Zenobia og vart ein del av kongedømet Palmyra.
Tidleg i islamsk tid vart styret av Jazira ofte delt med Armenia. Under Mu'awiyah (guvernøren av Syria som seinare grunnla Umayyade-kalifatet), vart styret av al-Jazira ein del av styret av Syria.
På 1600-talet var Abukamal eller Ebukemal setet for ein osmansk sanjak i Eyaletet Ar Ruha, som i dag er Sanliurfa. Det var eit kaza-senter i Zor Mutasarrıflığı (Distriktet Zor), som hadde senter i Deyrizor før det osmanske styret enda i 1918.[2]
Frankrike okkuperte Abu Kamal i lag med Dair Azzour i 1921 og sette ein stor garnison her. I 1946 vart han ein del av det sjølvstendige Syria. Stillinga til regionen ved grensa til Syria og Irak, særleg etter den amerikanske invasjonen av Irak, har gjort byen til eit viktig handels- og politisk senter.
Amerikansk åtak
endreMåndag 27. oktober 2008 utførte fire USA-amerikanske helikopter eit raid mot landsbyen Sukkariyeh i Abu Kamal. Dette var det første kjende raidet til USA i Syria. Meldingar rapporterte om at minst sju menneske hadde mista livet, fire av dem barn.[3][4] Abu Kamal ligg nær Qaim, ein grenseovergang for irakiske opprørarar og åstad for Operasjon Steel Curtain i november 2005. Den syriske utanriksministeren Walid Muallem sa då at «Drap på sivile er i følgje folkeretten ei terroristhandling.»[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Abu Kamal» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 20110506-Syria Toponymic factfile (PDF), pcgn - The Permanent Committe on Geographical Names, henta 8. august 2021
- ↑ http://tarihvemedeniyet.org/ekutuphane107
- ↑ «'US helicopter raid' inside Syria» (på engelsk). 27. oktober 2008.
- ↑ Al-Jazeera
- ↑ «Syria hits out at 'terrorist' US» (på engelsk). 28. oktober 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Abu Kamal Arkivert 2006-10-28 ved Wayback Machine. (arabisk)