Hønsehauk

art av haukefuglar
(Omdirigert frå Accipiter gentilis)
Hønsehauk
Hønsehauk
Hønsehauk
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU SårbarUtbreiinga av hønsehauk
Utbreiinga av hønsehauk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Underfamilie: Accipitrinae
Slekt: Accipiter
Art: Hønsehauk A. gentilis
Vitskapleg namn
Accipiter gentilis

Hønsehauken (Accipiter gentilis) er ein mellomstor rovfugl i haukefamilien som held til i tempererte strok av den nordlege halvkula. Arten var på norsk raudliste 2006, der han hadde status som sårbar, men var i 2010 justert ned til nær truga, i 2021 tilbake til sårbar.[1]

Skildring endre

 
Juvenil (venstre) og vaksen fugl.
Læte

Hønsehauken er den største arten i slekta Accipiter. Hannfuglen er 49-57 cm lang, med eit vengespenn på 19-105 cm. Hoa er mykje større enn hannen, med ein kroppslengde på 58-64 cm og eit vengespenn på 108-127 cm og kan vega opptil 2 kg. Hannen er blågrå ovenpå og spragla grå under, medan hoa er skifergrå over og grå under.

Fuglen har korte, breie venger og ein lang stjert som hjelper han å styra mellom trea i skogane han lever i. Hønsehauken flyg karakteristisk med fem seine vengeslag og så glideflukt.

I kulturen endre

Hønsehauken er avbilda på flagget til Asorane.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Hønsehauk», www.artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 25. november 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hønsehauk
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.