Acidose er ei opphoping av syrer som vert danna i kroppen. «Acidose» tyder syreforgifting, og vil seia at pH-verdien til blodet er under 7,35. Kraftig acidose er akutt livstrugande.

Acidose kan ha fleire ulike årsaker. Tilstanden oppstår oftast i samband med sukkersjuka. Acidose vert inndelt etter årsaker i respiratorisk eller metabolsk acidose.

Respiratorisk acidose endre

Respiratorisk acidose skuldast at kroppen ikkje klarar å kvitta seg med karbondioksid gjennom lungene på vanleg måte, slik at CO2 hopar seg opp i blodet. Respiratorisk acidose kan oppstå til dømes ved eit astmaåtak eller dersom pusten stoppar. Årsaker:

Metabolsk acidose endre

Metabolsk acidose skuldast opphoping av ikkje-flyktige syrer i blodet eller tap av HCO3-. Dette kan koma av auka syreproduksjon, til dømes maursyre ved metanolforgifting eller ketonlekamar ved ukontrollert sukkersjuka. Årsaker:

Symptom endre

Som regel ligg det alvorleg sjukdom til grunn for denne komplikasjonen, og sjukdomsbiletet vil difor vanlegvis vera prega av hovudsjukdommen. Milde acidosar treng ikkje gje symptom i det heile. Vage symptom som kvalme og oppkast kan vera tidlege teikn på ein metabolsk acidose.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Metabolsk acidose Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. frå Pasienthåndboka.no