Flekksnipe

fugleart
(Omdirigert frå Actitis macularius)
Flekksnipe
Flekksnpe i hekkedrakt Foto: Wikimedia-brukar Mdf
Flekksnpe i hekkedrakt
Foto: Wikimedia-brukar Mdf
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av flekksnipe
Utbreiinga av flekksnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Actitis
Art: Flekksnipe A. macularius
Vitskapleg namn
Actitis macularius

Flekksnipe (Actitis macularius) er ein liten vadefugl i snipefamilien. Ho er ein systerart til strandsnipe, liknar strandsnipa i utsjånad, men har vanlegvis ikkje overlappande utbreiing. Dei er klassifiserte som dei to einaste medlemmene i den biologiske slekta Actitis. Flekksnipa hekkar i Nord-Amerika, og er ein trekkfugl som overvintrar i Mellom-Amerika, Karibia og i Sør-Amerika.

Skildring endre

Flekksnipa når ei kroppslengd på 18 til 20 centimeter. Vengespennet er på 37 til 40 cm. Vekta varierer mellom 19 og 76 gram.[1]

 
Flekksnipe i vinterdrakt
Foto: DickDaniels

I hekketida er oversida av vaksne fuglar grønleg brun med mørke tverrstriper. Nebbet er oransje med svart tupp. Vidare har fjørdrakta kvit augebrynstripe over ei mørkare stripe som går frå nebbrota gjennom auget til øyredekkarane. Strupen, brystet og undersida er kvit. I hekkedrakta med iaugefallande store, brune flekker. I vinterdrakta har undersida ingen flekker, berre på sidene av brystet er det utvaska, gråbrune flekker. Oversida er jamt brun og nebbet er brunt. Dei unge fuglane liknar vaksne fuglar i vinterdrakt.

Denne arten hekkar over mykje av Canada og USA, frå Alaska på tvers av kontinentet til Newfoundland, den sørlege grensa er omtrent gjennom sørlege California, søraustre Arizona og vestlege New Mexico, derfrå austover til Nord-Carolina. Overvintringsområdet ligg i aller sørlegaste USA inkludert Florida, gjennom Mellom-Amerika og Karibia til Sør-Amerika inkludert Galápagosøyane. Sørgrensa går gjennom nordlege Argentina. I Chile til meir enn 42 ° sør. Streiffuglar kjem til Europa, i få tilfelle kjem einslege flekksniper òg til Noreg.[2]

Habitatet i hekkesesongen er ofte breidder av elver og innsjøar, hekking kan skje heilt opp til 4700 moh. Utanom hekketida lever ho òg i kystsona. Flekksnipa et hovudsakleg virvellause dyr, som ho plukkar frå bakken. Viss ho forfølgjer eit byte, kan ho minne om ein liten hegre i måten ho går fram på: tar først ei litt krum haldning og deretter plutseleg hakke etter bytet. På kysten er flekksnipa først og fremst på strandeng eller tangvoll og plukkar føde av det som er vaska opp av bølgjene ved kysten. Overvintrande fuglar kan òg ete småfisk og krabbar.

I vintermånadene kan flekksniper tidvis danne små flokkar, men hekkinga skjer individuelt i par. Paret dannar eit monogamt eller polyandrisk tilhøve som eksisterer berre ein hekkesesong. Det uvanlege med denne arten er at hofuglar konkurrerer om hannar. Reiret er ein grunn senking i bakken med tilpassa plantematerialar. Hannen lagar vanlegvis fleire slike reirplassar som hoa kan velje blant. Kullet består vanlegvis av fire (3-5) egg. Ved monogame tilhøve vil begge foreldre vere involvert i ruging, i polyandirelasjonar hannane åleine. Rugetida er 21 til 22 dagar.

Storleiken på populasjonen er estimert til 640 000 individ,[1] er minkande, men arten har status som livskraftig, LC.[3]

Galleri endre

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016) Spotted Sandpiper (Actitis macularius) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 31. juli 2016
  2. Søk på artsobservasjoner.no den 31. juli 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Actitis macularius. Henta frå http://www.birdlife.org den 31. juli 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Flekksnipe