Franz Felix Adalbert Kuhn (19. november 18125. mai 1881) var ein tysk filolog og folklorist fødd i Königsberg in der Neumark (no i Polen). Han døydde i Berlin. Han var far til orientalisten Ernst Kuhn.

Adalbert Kuhn

Fødd19. november 1812
Chojna
Død5. mai 1881
Berlin
NasjonalitetKongedømet Preussen
Yrkelingvist, filolog, folklorist, universitetslærar, historikar
Alma materHumboldt-Universität zu Berlin
BarnErnst Wilhelm Adalbert Kuhn
MedlemDet russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Samanliknande mytologi endre

Kuhn var grunnleggaren av ein ny skule for samanliknande mytologi, basert på komparativ filologi. Med inspirasjon frå den tyske mytologien til Grimm-brørne, fokuserte han først på tyske historier og legender. Men det var på forskinga hans i språket og historia til dei indo-germanske folka som heilskap at omdømmet hans vart grunnlagt.

Hovudverk endre

  • Zur ältesten Geschichte der indogermanischen Völker (1845), der han freista å beskriva den første sivilisasjonen til dei indo-germanske folka før dei delte seg i forskjellige familiar, ved å samanlikna og analysera den opphavlege tydinga av orda og røtene til felles for dei forskjellige språka
  • Die Herabkunft des Feuers et des Gottertranks (1859, som ein del av Mythologische Studien, 1886)
  • Entwicklungsstufen der Mythenbildung (1873), der forfattaren hevda at ein må sjå etter opphavet til mytar i det språklege domenet, med særleg vekt på polyonymi og homonymi.

Frå 1852 gav han ut tidsskriftet Zeitschrift für vergleichende Sprachforschung og frå 1862 også Beiträge zur vergleichenden Sprachforschung auf dem Gebiet der arischen, keltischen und slawischen Sprachen. I 1877 blei dei to titlane slått saman til Zeitschrift für vergleichende Sprachforschung auf dem Gebiete der indogermanischen Sprachen.[1] Sonen Ernst vidareførte arbeidet etter at faren døydde. Tidsskriftet har halde fram til våre dagar, no med tittelen Historische Sprachforschung.

Andre bøker endre

  • Märkische Sagen und Märchen (1842)
  • Zur ältesten Geschichte der indogermanischen Völker (Berlin, 1845)
  • Norddeutsche Sagen, Märchen und Gebräuche aus Meklenburg, Pommern, der Mark, Sachsen, Thüringen, Braunschweig, Hannover, Oldenburg und Westfalen (Leipzig, 1848)
  • Sagen, Gebräuche und Märchen aus Westfalen (1859)
  • Entwicklungsstufen der Mythenbildung (Berlin, 1874)

Litteraturliste endre

  • August Leskien, «Kuhn, Franz Felix Adalbert», i Allgemeine Deutsche Biographie (ADB), bd. 17, Leipzig, Duncker & Humblot, 1883, s. 335 f
  • Friedrich Wilhelm, «Kuhn, Adalbert», i Neue Deutsche Biographie (NDB), bd. 13, Berlin 1982, Duncker & Humblot, s. 256–257.

Kjelder endre

  1. R.D. Fulk, A Comparative Grammar of the Early Germanic Languages, Studies in Germanic Linguistics, 3 (Amsterdam: Benjamins, 2018), doi:10.1075/sigl.3, ISBN 978 90 272 6312 4, s. 338.