Adamaoua er ein av dei ti regionane i Kamerun, den tredje rekna frå nord. Hovudstaden er Ngaoundéré. Regionen har ei flatevidd på 63 691 km², og i 1987 budde det 495 185 menneske i det området som tilsvarar den noverande regionen. Det inneber ein folketettleik på om lag 8 menneske per km². Regionen oppstod i 1983, då den tidlegare regionen (då kalla provins) blei delt i tre: Extrême-Nord, noverande Nord og Adamaoua.

Adamaoua
region
Land  Kamerun
Areal 63 701 km²
Folketal 838 689 (2007)
Kart
Adamaoua
7°19′17″N 13°35′02″E / 7.3213888888889°N 13.583888888889°E / 7.3213888888889; 13.583888888889
Wikimedia Commons: Adamaoua
Typisk savanne-landskap nær Ngaoundal.
Kartet viser kvar regionen Adamaoua ligg i Kamerun.

Namnet Adamaoua endre

Regionen har det franske namnet Adamaoua og det engelske namnet Adamawa, og begge delar kjem frå fulfulde Aadamaawa. Regionen har namnet sitt etter Moodibbo Aadama (ca. 1786–ca. 1847), ein lærd fulani og heilag krigar som på 1830-talet hærtok dei områda som tilsvarar delstaten Adamawa i Nigeria og regionane Extrême-Nord, Nord og Adamaoua. Han kalla området opp etter seg og la det under Sokoto-kalifatet.

Geografi endre

Det meste av regionen Adamaoua ligg på Adamaoua-platået, eit fjellplatå på mellom 1000 m og 2000 m, med ei gjennomsnittshøgd på 1100 m, som strekkjer seg frå Nigeria, gjennom Kamerun og inn i Den sentralafrikanske republikken. Mot grensa til Nigeria ligg Gotel-fjella, der den høgaste toppen er Tchabal Mbabo, på 3 400 m. Dei nordlegaste delane av Adamaoa ligg på berre 500 m og er skilde frå resten av regionen av ei bratt brekke, på fransk kjend som La Falaise.

Adminstrativ inndeling endre

Regionen Adamaoua er delt inn i fem departement, som har namn etter dei største elvane i Adamaoua:

Departement Departementshovudstad
Djerem Tibati
Faro-Déo Tignère
Mayo-Banyo Banyo
Mbéré Meiganga
Vina Ngaoundéré

Departementa er vidare delte inn i distrikt.

Etno-lingvistiske grupper endre

 
Kartet viser hovudområda til dei viktigaste etniske gruppene i Adamaoua. Ikkje alle namna på kartet er dei som gruppene nyttar om seg sjølve. «Kutin» er eit nedsetjande namn på peere-folket. «Suga» er eit lite nytta namn på nizaa-folket. Fulaniane (kalla «Fulbe» på kartet) bur over det meste av regionen.

På eit språkleg grunnlag kan ein dele folkesetnaden i Adamaoua i desse etno-lingvistiske gruppene:

Folk som talar bantoide språk

Folk som snakkar adamawa-språk

Folk som snakkar ubangi-språk

Folk som snakkar atlantiske språk

  • Fulaniar, som utgjer 60 % av folkesetnaden i regionen og er ei av dei største etniske gruppene i både Adamaoua og heile Kamerun.

Fulani-folket kan delast i to undergrupper, dei bufaste og nomadane. Dei sistnemnde er òg kjende under det til dels nedsetjande namnet mbororo.

Det Norske Misjonsselskap endre

Det Norske Misjonsselskap (NMS) har drive misjon i Adamaoua sidan 1925, med hovudsete i regionhovudstaden Ngaoundéré. Dei viktigaste misjonsstasjonane til NMS ligg på desse stadene: