Adenbukta (arabisk خليج عدن - Ḫalīǧ ʻAdan, somali Gacanka Cadmeed) er ei om lag 900 km lang bukt som ligg vest i Arabiahavet. Bukta går aust-vest og har Jemen-kysten i nord og den somaliske kysten på Afrikas horn i sør.

Adenbukta
bukt
Adenbukta og Afrikashorn sett frå Den internasjonale romstasjonen
Land  Jemen,  Somalia  Djibouti
Del av Indiahavet
Stad Arabiahavet
 - koordinatar 12°N 48°E / 12°N 48°E / 12; 48
Kart
Adenbukta
12°N 48°E / 12°N 48°E / 12; 48
Wikimedia Commons: Gulf of Aden

Adenbukta knyter Indiahavet saman med Raudehavet via Bab el-Mandeb mellom kysten av Djibouti og Jemen. Ved hjelp av Suezkanalen i Egypt kan ein koma seg frå Indiahavet og heilt opp til Middelhavet gjennom Adenbukta. Dei siste åra har den viktige sjøfartsvegen vore sterkt plaga med piratar.

Bukta er kalla opp etter hamnebyen Aden i Jemen. Historisk vart Adenbukta kalla «Berberabukta» etter den gamle somaliske byen Berbera på sørsida.[1][2]

Geografi endre

Grenser endre

International Hydrographic Organization derfinerer grensene til Adenbukta som følgjer:[3]

I nordvest – Den sørlege grensa til Raudehavet, ei linje frå Husn Murad til Ras Siyyan
I aust – Meridianen langs Kapp Guardafui (Ras Asir, 51°16'E).

Hydrografi endre

Temperaturen i Adenbukta varierer frå 15 °C og 28 °C, avhengig av årstid og monsunen. Saliniteten i bukta på 10 meters djupne varierer frå of the gulf at 10 meter (33 ft) depth varies from 35,3  langs austkysten av Somalia til så mykje som 37,3 ‰ i midten av bukta,[4] medan oksygeninnhaldet i Adenbukta på den same djupnra typisk er mellom 4,0 og 5,0 mg/L.[4]

Handel endre

 
Ein dhow i Adenbukta.

Adenbukta er ei viktig skipsrute, særleg for olje frå Persiabukta, noko som gjer ruta til ein viktig del av verdsøkonomien.[5] Kring 11 % av petroleum frakta på verdshava, passerer gjennom Adenbukta på veg til Suezkanalen eller raffineri i regionen.[6] Dei største hamnebyane langs bukta er Aden i Jemen, Djibouti by i Djibouti og Zeila, Berbera og Bosaso i Somalia.

I tidlegare historie var byen Seera, like sør for den moderne byen Aden, ein viktig hamneby for handel i regionen. Seera, eller Krater, var den viktigaste hamna i det førislamske kongedømet Awsan, og etter annekteringa av kongedømet Saba på slutten av 400-talet, spelte han ei viktig rolle i sambandet mellom Afrika og Arabia.

India får inn 50 milliardar US-dolla i import og 60 milliardar US-dollar i eksport gjennom dette området kvart år. På grunn av dette og for å verne handelen for andre land, har India eit krigsskip i området.[7]

Seint på 2000-talet utvikla bukta seg til eit senter for piratveksemd. I 2013 hadde åtaka i farvatnet minka ein god del på grunn av aktiv privat tryggleik og internasjonale marinepatruljar.[8]

Økologi endre

Geologisk sett er ikkje bukta gammal, og Adenbukta har eit unikt biologisk mangfald med mange forskjellige typar fisk, korallar, sjøfugl og virvellause dyr. Dette rike økologiske mangfaldet har nytt godt av forholdsvis lite forureining i bukta. Miljøvernsgrupper fryktar derimot at mangelen på koordinerte forsøk på å kontrollere forureininga i området kan endre dette.[9] Kvalar, delfinar og sjøkyr[10] var ein gong vanlege i bukta før tala deira vart kraftig reduserte på grunn av ulovleg jakt av Sovjetunionen og Japan i 1960- og 1970-åra.[11]

Grenseland endre

Byar endre

Byar ved kysten av Adenbukta:

Kjelder endre

  1. Dumper, Stanley, Michael, Bruce E. Cities of The Middle East and Nord-Afrika: A Historical Encyclopedia. ABC CLIO, Google Books. s. 90. 
  2. Houtsma, M. Th. First encyclopaedia of islam: 1913-1936. Google Books. s. 364. 
  3. «Limits of Oceans and Seas, 3rd edition» (PDF). International Hydrographic Organization. 1953. Arkivert frå originalen (PDF) 8. oktober 2011. Henta 28. juni 2016. 
  4. 4,0 4,1 «Hydrographic Survey Results». Report on Cruise No. 3 of R/V «Dr. Fridtjof Nansen.» - Indian Ocean Fishery and Development Programme - Pelagic Fish Assessment Survey North Arabian Sea. Food and Agriculture Organization of the Dei sameinte nasjonane (FAO). 1975. Henta 28. juni 2016. 
  5. «Earth from Space: The Gulf of Aden – the gateway to Persian oil». European Space Agency. 1. mars 2005. Henta 28. juni 2016. 
  6. «Raudehavet and the Adenbukta» (PDF). International Tanker Owners Pollution Federation (ITOPF). 2003. Arkivert frå originalen (PDF) 16. desember 2010. Henta 28. juni 2016. 
  7. Gokhale, Nitin (2011). «India Takes Fight to Pirates». the-diplomat.com. The Diplomat. Henta 19. april 2011. 
  8. Arnsdorf, Isaac (22. juli 2013). «West Afrika Pirates Seen Threatening Oil and Shipping». Bloomberg. Henta 28. juni 2016. 
  9. «Raudehavet & Adenbukta». Dei sameinte nasjonane Environment Programme. 2005. Arkivert frå originalen 1. juli 2005. Henta 28. juni 2016. 
  10. Nasr D.. Dugongs in Raudehavet and Adenbukta Arkivert 2016-01-28 ved Wayback Machine.
  11. Jackson J.. 2006. Diving with Giants. pp.59. New Holland Publishers Ltd. Henta on December 17. 2014

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Adenbukta