Johan Adolf Bjerkreim (20. oktober 18871963) var ein norsk lekmannsforkynnar og forfattar. Bjerkreim var fødd i Tengesdal i Bjerkreim kommune i Rogaland, og tok etternamnet Bjerkreim då han flytta frå bygda i ungdomstida.

Adolf Bjerkreim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. oktober 1887
Bjerkreim kommune
Død

27. april 1963 (75 år)

Yrke skribent, predikant

Forkynnar endre

I 1905 vart Bjerkreim kristen, og frå 1907 byrja han smått å reisa som forkynnar tilknytt Kinamissionsforbundet. Han gjekk dinest eit år på ungdomsskule (Folkehøgskole) ved Framnes i Hardanger før han frå 1908 og fram til 1916 reiste fast som forkynnar for Kinamisjonen. I denne tida hadde han også eit årslangt opphald i Amerika 1913-1914, der han fekk ei rad nye impulsar. Frå 1916 av gjekk han over til å reisa som fripredikant, der han fekk betaling frå den enkelte forsamlinga han vitja.

Kontroversiell endre

Bjerkreim var ikkje redd for å stilla spørsmål ved etablerte sanningar og skreiv bok både om spørsmålet Sabbat eller Søndag[1] og Lærer Bibelen Gjenfødelse i Dåpen?.

I ettertida har Bjerkreim av enkelte grupperingar ufortent blitt sverta som tilhøyrande «dispensasjonalistane» og «Plymouth-brørne». Rett nok hadde Bjekreim samanfallande syn med desse, men han stod aldri som medlem i nokre av rørslene.

Kjelder endre

  • Kjell Dahlene, forkynnar, forfattar av biografien om Adolf Bjerkreim

Referansar endre

  1. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2007, henta 1. februar 2007