Adolf Brand

Tysk homofil aktivist og forfatter

Adolf Brand (fødd 14. november 1874 i Berlin, død 2. februar 1945) var ein tidleg tysk homofil aktivist og grunnleggar av det første regelmessig utkommande homofile tidsskriftet i verda – Der Eigene (1896-1932).

Adolf Brand

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 14. november 1874
Berlin
Død

2. februar 1945 (70 år)
Berlin

Yrke journalist, forleggjar, skribent, LHBT-aktivist, fotograf
Språk tysk
Adolf Brand på Commons

I 1903 grunnla han saman med Benedict Friedlaender og Wilhelm Jansen Gemeinschaft der Eigenen (GdE), som hadde som ideal homofil kjærleik mellom maskuline menn og pederasti, i tydinga relasjonar mellom vaksne menn og unge gutar/menn etter modell frå den greske antikken. Dei avviste medisinske teoriar om homoseksualitet som til dømes Magnus Hirschfeld sin teori om «seksuelle mellomtypar» og homoseksuelle som eit «tredje kjønn». Likevel kjempa Brand og GdE dels saman med Hirschfeld og hans Wissenschaftlich-humanitäre Komitee for avskaffinga av straffeforbodet mot homoseksuell omgang mellom menn, § 175 i den tyske straffelova frå 1871, utan at dette lukkast.

GdE dreiv også med friluftsarrangement og leirliv, og var såleis ein del av den tyske ungdomsrørsla (jf. til dømes Wandervogel-rørsla).

Brand var mellom anna kjent for å avsløra kjente personar for å vera homoseksuelle; ei verksemd som seinare har blitt kalla outing. Han blei såleis dømd til 18 månader fengsel i 1907, for æreskrenking mot den tyske rikskanslaren Bernhard von Bülow etter ein slik aksjon.

Brands ideologi hadde ein blanding av autoritære, anarkistiske, misogynistiske og dels antisemittiske trekk, særleg med brodd mot oppfatningar om at homoseksuelle menn var feminiserte som resultat av ein medfødd tilstand. Dette stod i skarp kontrast til Magnus Hirschfeld sine oppfatningar, som både var prega av ein biologisk teori om homoseksuelle som eit tredje kjønn, og som var venstreorienterte og knytte han til feminismen.

Brand måtte på 1930-talet gi opp både aktivismen og verksemda som forleggar, etter fleire åtak frå nazistane og beslaglegging av bøker og utstyr. Han heldt fram med å bu i Berlin til han døydde under eit luftåtak frå dei allierte i 1945.