Adolf Bredo Stabell

Adolf Bredo Stabell (19. november 180721. november 1865) var ein journalist, redaktør, bankmann og politikar.

Adolf Bredo Stabell

Fødd19. november 1807
Trondheim
Død21. november 1865 (58 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebanksjef, redaktør, politikar
Alle verv

Stabell var fødd i Trondheim, der faren hans var klokkar og gravar ved domkyrkja. Han gjekk på realskulen i byen, før han frå 16-årsalderen arbeidde ved futekontoret for Senja og Tromsø. Etter tre år i Troms flytta han tilbake til Trondheim for å verte student. Han gjekk så på katedralskulen i byen, før han reiste til Kristiania. Etter eit år der vart han student i 1827. Ei tid var han huslærar, vart så cand. jur. i 1830. Same året fekk han stilling som kopist i revisjonsdepartementet, fullmektig i same frå 1834.

Stabell var redaktør for Morgenbladet frå 1832, fyrste åra anonymt. År 1841 vart han medeigar i avisa, og slutta då i departementet. Perioden mellom 1841 og 1857 var han sysselsett som bladmann og kommunemann. I eigenskap av redaktør gjorde han avisa om til organ for politiske krefter i opposisjon til regjeringa. Slik dreiv han fram eit ordskifte om regjeringas politikk, ukjent i Noreg fram til dess.

Stabell var ordførar i Aker 1839-43 og 1847-59. Samstundes var han, 1846-65, styreformann i Aker Sparebank 1846-65. Frå 1859 til 1863 var han medlem av Kristiania bystyre, etter som hovudstaden då vart utvida til også å omfatte delar av Aker.

Stortingsrepresentant frå Akershus var Stabell ved alle val frå 1845 til 1857, samt på det overordentlege storting 1858. Han var odelstingspresident frå 1848 til 1857, og formann i budsjettkomiteen 1851, 1854, 1857. I 1858 var han formann både i finanskomiteen (om statslån) og i valkomiteen, samt visepresident i Stortinget. På stortinget vart han allereie i 1845 ein leiar av opposisjonen. Gjennom såkalla adresser la opposisjonen press på regjeringa. Adressene var eit forsøk på å gjere regjeringa parlamentarisk ansvarleg. Denne politiske linja, som Stabell var arkitekten bak, vart forlaten tidleg i 1850-åra. Opposisjonen fylgde sidan ei meir varsam linje.

Saman med Ole Jacob Broch stifta Stabell Den norske Creditbank i 1857, og frå 1858 var han den fyrste sjefen i banken. Ei økonomisk krise i 1863-64 råka hardt både Creditbanken og Stabell sjølv. Etter eit års psykisk sjukdom døydde han i Kristiania hausten 1865.

Store norske leksikon om Stabell endre

«Adolf Bredo Stabell satte tydelige spor etter seg på tre felter i norsk samfunnsliv: Som redaktør av Morgenbladet bidrog han mer enn noen annen til å skape en moderne politisk presse; som stortingsmann søkte han å reformere statsstyret gjennom den såkalte adressepolitikken; som bankmann lanserte han en ny kredittpolitikk overfor næringslivet.»

Kjelder endre