Det afghanske flagget

(Omdirigert frå Afghansk flagg)

Det afghanske flagget er, etter at Taliban kapra makta i 2021, eit kvitt flagg med den muslimske truvedkjenninga. Førebels har korkje nokre land eller dei sameinte nasjonane godkjent det noverande flagget. Det er trikoloren i svart, grønt og raudt med riksvåpenet plassert i midten som enno gjeld.[1] Flagget blei godkjend av interimregjeringa i Afghanistan og innført 26. januar 2002. Det er i hovudsak likt flagget som blei nytta under kongedømet frå 1930 til 1973, med den skilnaden at den muslimske truvedkjenninga er lagt til i riksvåpenet. Flagget er kjend i to variantar, med riksvåpenet i kvit eller gul farge. Storleikstilhøvet 1:2 ser ut til å gjelda.

Det noverande flagget brukt av Taliban etter at dei kapra makta i 2021. Flagget vart òg brukt då dei sat ved makta frå 1996-2001.
Det afghanske flagget. Storleikstilhøve 1:2

Historiske flagg endre

Gjennom tidene har det afghanske flagget hatt ei rekkje ulike utformingar. Fargane raudt, svart, grønt og kvitt har gått igjen, med ulike former for kongevåpen. I 1929 blei den svart botnfargen endra til ein trikolor. Frå 1974 blei dei tre loddrette stripene vend vassrett og den grøne stripa utvida. I oktober 1978 blei eit helt nytt raudt flagg innført som spegla det nye kommunistiske styret. Tre vassrette striper blei gjeninnførte i april 1980, med eit nytt segl. I april 1992, etter at det sovjetstøtta regimet fall, blei seglet erstatta av den muslimske truvedkjenninga. Eit våpen med truvedkjenninga blei ført frå desember 1992 til september 1996. Frå 1996 til 2001, under det islamistiske talibanstyret, var flagget heilt kvitt med den muslimske truvedkjenninga i svart. I 2001 blei eit vassrettstripa flagg gjeninnført, og i 2002 blei det erstatta av ein ny trikolor.

År Flagg Tilhøve Styre Merknad
1747–1826   2:3 Durraniriket Flagg brukt under Ahmad Shah Durrani og dynastiet hans.
1826–1880 Ikkje noko offisielt flagg. Emiratet Afghanistan Før 1880 brukte ikkje Barakzaidynastiet durraniflagget eller noko offisielt alternativ.
1880–1901   2:3 Emiratet Afghanistan Flagg brukt under Abdur Rahman Khan.
1901–1919   3:5 Emiratet Afghanistan Flagg brukt under Habibullah Khan. Habibullah la eit segl til faren sitt flagg som blei eit utgangspunkt for dagens riksvåpen.
1919–1926   2:3 Emiratet Afghanistan Det første flagget brukt under Amanullah Khan. Han vidareførte faren sitt flagg med stråler ut frå eit segl forma som ei åttetakka stjerne, Rub el Hizb. Dette seglet var vanleg i Osmanarriket.
1926–1928   2:3 Kongeriket Afghanistan Det andre flagget brukt under Amanullah, frå han gjekk over frå å vera khan til å bli sjah (konge). Stjerna blei erstatta med ein krans og eit noko endra riksvåpen.
1928   3:5 Kongeriket Afghanistan Det tredje flagget ført under Amanullah. Den svarte, raude og grøne trikoloren stod høvesvis for fortida og tidlegare svarte flagg, blodet spelt under kampen for sjølvstende (den tredje anglo-afghanske krigen), og håp for framtida. Utformina var truleg påverka av Amanullah si vitjing i Europa i 1927.
1928–1929   2:3 Kongeriket Afghanistan Det fjerde flagget ført under Amanullah. Det nye seglet viser sola som står opp over to snødekte fjell, ei ny byrjing for riket.
1929   2:3 Kongeriket Afghanistan Flagg først under Habibullah Kalakani eller Habibullah Khan, tidlegare kalla Bacha-i-Saqao, med røter tilbake til det mongolske styret av området på1200-talet.
1929–1930   2:3 Kongeriket Afghanistan Det første flagget først under Mohammed Nadir Shah. Den svarte, raude og grøne trikoloren bei gjeninnført og den åttetakka stjerna henta inn att.
1930–1973   2:3 Kongeriket Afghanistan Det andre flagget ført under Mohammed Nadir Shah blei også brukt under sonen hans, Mohammed Zahir Shah. Stjerna blei no teken ut og seglet forstørra. Året

Mohammed Nadir Shah sitt dynasti byrja, 1348 (١٣٤٨) etter muslimsk tidsrekning (1929 etter vestleg) blei lagt til i seglet.

1973–1974   2:3 Republikken Afghanistan I det første flagget brukt av Republikken Afghanistan blei årstalet fjerna. Flagget var elles likt det føre.
1974–1978 2:3 Republikken Afghanistan Det andre flagget brukt av Republikken Afghanistan vende stripene vassrett og lét den grøne fylla halve flagget. Det brukte dei same fargane som før, men dei fekk ny symbolsk tyding: Svart stod for den mørke fortida, raudt for blodet spilt under sjølvstendekampen, og grønt for grøda frå jordbruket. Republikken innførte òg eit nytt riksvåpen som blei sett inn i øvre venstre kanton.
1978   2:3 Den demokratiske republikken Afghanistan Etter at leiaren for republikken blei drepen i eit kupp og eit nytt kommunistisk styre innført blei seglet fjerna frå flagget.
1978–1980 1:2 Den demokratiske republikken Afghanistan Eit raudt flagg med eit sosialistisk riksvåpen blei innført i 1978.
1979–1987   1:2 Den demokratiske republikken Afghanistan Etter at Khalq-faksjonen blei styrta av Parcham-faksjonen leidd av Babrak Karmal i desember 1979 blei flagget endra på nytt. Trikoloren blei gjeninnført med grønfargen rekna som symbol for islam. Det blei også innført eit nytt våpen.
1987–1992 1:2 Republikken Afghanistan I Republikken Afghanistan blei riksvåpenet noko endra. Flagget var elles som før.
1992   1:2 Republikken Afghanistan Etter at det sovjet-støtta regimet fall blei fleire variantar av eit provisorisk flagg med grøn, kvit og svart stripe brukt. Desse fargane er brukt i flagga til fleire muslimske land. I den øvre stripa står «Allahu akbar» ('Gud er stor') med arabisk skrift; i den midtre står den muslimske truvedkjenninga.
1992–1996   1:2 Den islamske staten Afghanistan Den svarte og grøne stripa blei bytta om og truvedkjenninga og namnet på staten ført inn i eit riksvåpen.
1996–1997   2:3 Det islamske emiratet Afghanistan Talibanregjeringa brukte først eit einsfarga kvitt flagg.
1997–2001   2:3 Det islamske emiratet Afghanistan I 1997 la Taliban til den muslimske truvedkjenninga.
2001–2002   1:2 Den islamske staten Afghanistan Flagget frå 1992 blei gjeninnført etter at talibanstyret blei styrta.
2002–2004   1:2 Den islamske overgangsstaten Afghanistan Trikoloren blei gjeninnført med dei gamle fargane og ein oppdatert versjon av riksvåpenet frå kongedømet. Riksvåpenet inneheld no den muslimske truvedkjenninga og det muslimske året 1298 (١۲۹٨, 1919 i vestleg tidsrekning), som var året Afghanistan fekk sjølvstende frå Storbritannia.
2004–   2:3 Den islamske republikken Afghanistan Likt det føre flagget, men med eit nytt tilhøve og eit kortare namn på landet i riksvåpenet.
2021–   2:3 Det islamske emiratet Afghanistan Det same flagget som vart nytta frå 1997–2001.

Kjelder endre

  1. «Member States», United Nations (på engelsk), henta 6. oktober 2022