Aflatoksin

kjemisk sambinding

Aflatoksin (frå afla- (samantrekking av Aspergillus flavus) og toksin) er ei gruppe nærskylde gifter kjende frå slekta strålemuggsoppar.[1] Dei vert i hovudsak produserte av artane lumsk strålemugg (Aspergillus flavus) og Aspergillus parasiticus, som kan leva saman og veksa på nesten kva som helst mat og avling.[2]

Den kjemiske strukturen til aflatoksin B1

Aflatoksina vart oppdaga i 1960 og isolerte i 1961 etter at nokre kalkunkyllingar vart forgifta av peanøttmjølet dei var fôra med. Aflatoksina er kjemisk avleidde av kumarin. Dei er stabile og særs giftige av di dei mellom anna framkallar mutasjonar og kreftutvikling, særleg i levra.[1]

Dei fleste artane av strålemuggsoppar som produserer aflatoksin er frå seksjonen Flavi. Døme på artar som produserer aflatoksin (frå heile slekta):[2][3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «aflatoksiner» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 2. januar 2017.
  2. 2,0 2,1 Varga, J.; Frisvad, J.C.; Samson, R.A. (juni 2011). «Two new aflatoxin producing species, and an overview of Aspergillus section Flavi». Studies in Mycology. doi:10.3114/sim.2011.69.05. 
  3. Cary, J.W.; Klich, M.A.; Beltz, S.B. (mars/april 2005). «Characterization of aflatoxin-producing fungi outside of Aspergillus section Flavi». Mycologia. doi:10.3852/mycologia.97.2.425. 
  Denne biokjemiartikkelen som har med medisin å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.