Afraid of Sunlight

Afraid of Sunlight
Studioalbum av Marillion
Språk engelsk
Utgjeve 24. juni 1995
Innspelt The Racket Club, Aylesbury, januar–juni 1995
Sjanger Progressiv rock

Neo-progressiv rock
Poprock
Softrock

Lengd 51:25
Selskap EMI (Europe)

I.R.S. Records ([USA]])

Produsent Marillion, Dave Meegan
Kritikk
Marillion-kronologi 
Brave
(1994)
Afraid of Sunlight Made Again
(1996)


Afraid of Sunlight er det åttande studioalbumet til det britiske rockebandet Marillion. Albumet vart utgjeve i juni 1995, og var det første albumet Marillion spela inn i sitt eige studio The Racket Club i Aylesbury.

Afraid of Sunlight nådde 16. plass på den britiske albumlista i juli 1995.[2] Det vart utgjeve berre ein singel frå albumet, «Beautiful», som nådde 29. plass på den britiske singellista.[3]

Etter den lange og intense skrive- og innspelingsprosessen til det førre albumet Brave, var Marillion nøydde til å bruke kortare tid på å lage det som skulle bli Afraid of Sunlight. Brave var vorte godt motteke av publikum, men selde likevel ganske dårleg. Medlemmane i gruppa var slitne, men dei måtte i gang med å produsere nytt material. Resultatet vart eit album som tematisk har likskapar med albumet Clutching at Straws, deira siste med Fish bak mikrofonen. I likskap med det albumet er ikkje Afraid of Sunlight eit konseptalbum, men tematisk sirklar med tekstar om dei negative sidene ved ry. Den faste tekstforfattaren til John Helmer bidrog med fleire tekster, og produsent Dave Meegan hjelpte til med å katalogisere musikalske idear under skriveprosessen, slik han òg hadde gjort det under arbeidet med Brave.

Songen «Out of this World» handlar om racerkjøraren Donald Campbell og forsøka hans på å setje fartsrekord på vatn med båten Bluebird K7. Campbell omkom i rekordforsøket på innsjøen Coniston Water i Nord-England 4. januar 1967. Songen i gav i sin tur dykkaren Bill Smith ideen om å leite etter vraket av båten til Campbell, og båten vart heva 8. mars 2001, med både Steve Hogarth og Steve Rothery frå Marillion tilstades. 28. mai same år vart liket av Campbell funne.

Songen «Beyond You» vart miksa i mono, inspirert av Phil Spector sitt lydbilete frå 1960-talet.

Afraid of Sunlight vart utgjeve i remastra utgåve i mars 1999, med ein bonus-CD med demoversjonar, alternative versjonar og ekstraspor. Det remastra albumet er òg utgjeve utan bonus-CD'en.

I 2001 gav Marillion ut ein dobbelt-CD med demo-material frå innspelinga av Afraid of Sunlight, kalla ReFracted!.

Musikken frå Afraid of Sunlight vart i heilskapen sin spela live på fan-arrangementet Marillion Weekend 2003. Konserten, inkludert ekstranummera, vart filma, og utgjeve på DVD (Before First Light) berre to dagar seinare. Den offisielle produksjonstida på 63 timar og 29 minutt vart registrert som den raskaste produksjonen i verda av ein musikk-DVD av Guinness rekordbok.[4]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Gazpacho»John Helmer, Steve Hogarth, Mark Kelly, Ian Mosley, Steve Rothery, Pete Trewavas7:28
2.«Cannibal Surf Babe»Helmer, Hogarth, Kelly, Mosley, Rothery, Trewavas5:25
3.«Beautiful»Hogarth, Kelly, Mosley, Rothery, Trewavas5:12
4.«Afraid of Sunrise»Helmer, Hogarth, Kelly, Mosley, Rothery, Trewavas5:01
5.«Out of This World»Helmer, Hogarth, Kelly, Mosley, Rothery, Trewavas7:54
6.«Afraid of Sunlight»Helmer, Hogarth, Kelly, Mosley, Rothery, Trewavas6:49
7.«Beyond You»Hogarth, Kelly, Mosley, Rothery, Trewavas6:10
8.«King»Hogarth, Kelly, Mosley, Rothery, Trewavas7:03
Bonusplate på 1999-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Icon»6:04
2.«Live Forever»4:34
3.«Second Chance» (Dave Meegan Mix of Beautiful)5:14
4.«Beyond You» (Demo)5:17
5.«Cannibal Surf Babe» (Studio Outtake)5:59
6.«Out of This World» (Studio Outtake)7:27
7.«Bass Frenzy»1:17
8.«Mirages» (Demo)6:02
9.«Afraid of Sunlight» (akustisk)6:49
10.«Sympathy (For The Road Crew)» 

Medverkande endre

Marillion endre

Andre endre

  • Barbara Lemzy: Vokal

Lister endre

Album

År Liste Plassering
1995 UK Album Chart 16[5]

Kjelder endre

  1. Garcia, Alex S. (2011 [last update]). «Afraid of Sunlight - Marillion | AllMusic». allmusic.com. Henta 11. september 2012. 
  2. everyhit.com
  3. everyhit.com
  4. Informasjon om Before First Light på Marillions nettside
  5. «Liste Stats – Marillion – Afraid of sunlight». www.chartstats.com. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 11. september 2012.