Afrika sør for Sahara

Afrika sør for Sahara viser til den delen av Afrika som ligg sør for Saharaørkenen, til forskjell frå Nord-Afrika.

Kart over Afrika med områda sør for Sahara farga grønt

I motsetting til landa nord for Sahara har ikkje landa sør for Sahara ein like einsarta arabisk og muslimsk prega kultur. Religiøst sett finn vi over heile denne delen av kontinentet både muslimsk, kristent og animistisk prega kulturar.

1800-talet fordelte kolonimaktene Afrika sør for Sahara seg i mellom. Grensene mellom dei 54 landa var eit resultat av politiske overeinskomstar og vart trekte uavhengig av etniske grupperingar og territorium. Landa omfattar i dag rundt 2000 etniske grupper som til saman snakkar over 1500 språk, så i kjølvatnet av den europeiske kolonialiseringa har det oppstått mange etniske konfliktar.

Sjå og

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.