Afrikas horn

(Omdirigert frå Afrikahornet)

Afrikas horn er ein trekantforma halvøy på nordaustkysten av Afrika. Ho endar i ein spiss som kan minna om hornet på eit nashorn, og har fått namnet sitt derfrå. På spissen av hornet ligg den 275 meter høge klippa Kap Guardafui, også kalla Ras Assir. Det austlegaste punktet i Afrika, Ras Hafun, ligg litt sør for denne klippa.

Afrikas Horn har form som hornet på eit nashorn.

Halvøya har kyststripe mot Indiahavet i søraust og mot Adenbukta i nord. Heile kyststrekninga høyrer til Somalia, mens den etiopiske Ogaden-ørkenen ligg i midten av halvøya. Afrikas horn kan også brukast med ein utvida definisjon om fleire land i Aust-Afrika: Heile Etiopia, Djibouti, Eritrea og Somalia, og tilstøytande område i Kenya og Sudan.

Dei siste tiåra av 1900-talet blei området kjent for hungersnød og fleire krigar. Folkegrupper som eritrearar, tigrear og ogadenar har kjempa for sjølvstende og land som Etiopia, Eritrea og Somalia har kjempa mot kvarandre.

Kjelder endre