Afrikaskjeggfuglfamilien
Afrikaskjeggfuglfamilien, Lybiidae, er ein fuglefamilie som samlar skjeggfuglar i Afrika. Dei var tidlegare sameint med sine amerikanske og asiatiske slektningar i Capitonidae i ganske lang tid.[1] Det er i alt 42 artar av afrikaskjeggfuglar, inkludert 6 koparslagarar, slekta Pogoniulus. Dei finst i heile Afrika sør for Sahara, med unntak av lengst sørvest i Sør-Afrika.
Afrikaskjeggfuglfamilien | |
Termittperleskjeggfugl Trachyphonus erythrocephalus Foto: Ikiwaner
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Afrikaskjeggfuglfamilien Lybiidae |
Skildring og økologi
endreDei er vanlegvis 20-25 cm lange, fyldige utsjånad, med store hovud, og det tunge nebbet har taggete kant. Koparslagarar er mindre, ned til raudgumpkoparslagar, Pogoniulus atroflavus på berre 7 gram og 9 cm i lengd.
Dette er hovudsakleg einslege fuglar, beitar på insekt og frukt.
Detaljar omkring hekkevanar til afrikaskjeggfuglar er enno ikkje kjente. Reiret er i regelen bygd i hekkar i hòl i trestammar, men ulikt Piciformes flest, hekkar nokre sosiale artar ved elvebredder eller i termittuer. Vanlegvis legg dei mellom 2 og 4 egg , eit unntak er sahelperleskjeggfugl som legg opp til 6. Egga blir ruga i 13-15 dagar. Oppgåvene ved hekking blir delt mellom begge foreldra.
Det har vore generelt lite kontakt mellom Lybiidae-artar og menneske. Nokre av artane som krev primærskog har no nedgang i bestanden på grunn av avskoging, nokre gongar til fordel for nære slektningar. Tapet av høglandsskogane i Kenya, til dømes, førte med seg at grønkoparslagar nesten forsvann medan raudpannekoparslagar utvida utbreiinga si.
Taksonomi
endreSlektene i Lybiidae var tidlegare ofte med i ein parafyletisk familie Capitonidae av alle verdas skjeggfuglar, men nyleg vanlegvis rekna som sin eigen familie Lybiidae avgrensa til skjeggfuglar i Afrika.
Artslista
endreAfrikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Slekt Trachyphonus
- Praktperleskjeggfugl, Trachyphonus purpuratus, Yellow-billed Barbet, Verreaux, J & Verreaux, E, 1851, (LC)
- Topperleskjeggfugl, Trachyphonus vaillantii, Crested Barbet, Ranzani, 1821, (LC)
- Termittperleskjeggfugl, Trachyphonus erythrocephalus, Red-and-yellow Barbet, Cabanis, 1878, (LC)
- Sahelperleskjeggfugl, Trachyphonus margaritatus, Yellow-breasted Barbet, Cretzschmar, 1828, (LC)
- Småperleskjeggfugl, Trachyphonus darnaudii, D'Arnaud's Barbet, Prévost & Des Murs, 1847, (LC)
Slekt Gymnobucco
- Gråstrupeskjeggfugl, Gymnobucco bonapartei, Gray-throated Barbet, Hartlaub, 1854, (LC)
- Kongoskjeggfugl, Gymnobucco sladeni, Sladen's Barbet, Ogilvie-Grant, 1907, (LC)
- Børsteskjeggfugl, Gymnobucco peli, Bristle-nosed Barbet, Hartlaub, 1857, (LC)
- Nakenhovudskjeggfugl, Gymnobucco calvus, Naked-faced Barbet, Lafresnaye, 1841, (LC)
Slekt Stactolaema
- Kvitbrynskjeggfugl, Stactolaema leucotis, White-eared Barbet, Sundevall, 1850, (LC)
- Kvitvengskjeggfugl, Stactolaema whytii, Whyte's Barbet, Shelley, 1893, (LC)
- Gulmaskeskjeggfugl, Stactolaema anchietae, Anchieta's Barbet, Barboza du Bocage, 1869, (LC)
- Olivenskjeggfugl, Stactolaema olivacea, Green Barbet, Shelley, 1880, (LC)
Slekt Pogoniulus
- Fregnekoparslagar, Pogoniulus scolopaceus, Speckled Tinkerbird, Bonaparte, 1850, (LC)
- Grønkoparslagar, Pogoniulus simplex, Green Tinkerbird, Fischer, GA & Reichenow, 1884, (LC)
- Skjeggkoparslagar, Pogoniulus leucomystax, Moustached Tinkerbird, Sharpe, 1892, (LC)
- Gulnakkekoparslagar, Pogoniulus coryphaea, Western Tinkerbird, Reichenow, 1892, (LC)
- Raudgumpkoparslagar, Pogoniulus atroflavus, Red-rumped Tinkerbird, Sparrman, 1798, (LC)
- Gulstrupekoparslagar, Pogoniulus subsulphureus, Yellow-throated Tinkerbird, Fraser, 1843, (LC)
- Gulgumpkoparslagar, Pogoniulus bilineatus, Yellow-rumped Tinkerbird, Sundevall, 1850, (LC)
- Raudpannekoparslagar, Pogoniulus pusillus, Red-fronted Tinkerbird, Dumont, 1805, (LC)
- Gullpannekoparslagar, Pogoniulus chrysoconus, Yellow-fronted Tinkerbird, Temminck, 1832, (LC)
Slekt Buccanodon
- Skjelskjeggfugl, Buccanodon duchaillui, Yellow-spotted Barbet, Cassin, 1855, (LC)
Slekt Tricholaema
- Hårbrystskjeggfugl, Tricholaema hirsuta, Hairy-breasted Barbet, Swainson, 1821, (LC)
- Diademskjeggfugl, Tricholaema diademata, Red-fronted Barbet, Heuglin, 1861, (LC)
- Miomboskjeggfugl, Tricholaema frontata, Miombo Barbet, Cabanis, 1880, (LC)
- Akasieskjeggfugl, Tricholaema leucomelas, Pied Barbet, Boddaert, 1783, (LC)
- Tåreskjeggfugl, Tricholaema lacrymosa, Spot-flanked Barbet, Cabanis, 1878, (LC)
- Krattskjeggfugl, Tricholaema melanocephala, Black-throated Barbet, Cretzschmar, 1829, (LC)
Slekt Lybius
- Bølgjeskjeggfugl, Lybius undatus, Banded Barbet, Rüppell, 1837, (LC)
- Bloddropeskjeggfugl, Lybius vieilloti, Vieillot's Barbet, Leach, 1815, (LC)
- Kvithovudskjeggfugl, Lybius leucocephalus, White-headed Barbet, de Filippi, 1853, (LC)
- Fregneskjeggfugl, Lybius chaplini, Chaplin's Barbet, Clarke, S, 1920, (VU)
- Raudmeskjeggfugl, Lybius rubrifacies, Red-faced Barbet, Reichenow, 1892, (NT)
- Svartnebbskjeggfugl, Lybius guifsobalito, Black-billed Barbet, Hermann, 1783, (LC)
- Krageskjeggfugl, Lybius torquatus, Black-collared Barbet, Dumont, 1805, (LC)
- Brunbelteskjeggfugl, Lybius melanopterus, Brown-breasted Barbet, Peters, W, 1854, (LC)
- Oransjebukskjeggfugl, Lybius minor, Black-backed Barbet, Cuvier, 1816, (LC)
- Totannskjeggfugl, Lybius bidentatus, Double-toothed Barbet, Shaw, 1799, (LC)
- Svartbelteskjeggfugl, Lybius dubius, Bearded Barbet, Gmelin, 1788, (LC)
- Trikolorskjeggfugl, Lybius rolleti, Black-breasted Barbet, de Filippi, 1853, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå «Lybiidae» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011
Referansar
endre- ↑ Short, L.L.; Horne, J.F.M. (2002). «Family Capitonidae (Barbets)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-37-7.
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)