After Hours av The Velvet Underground

After Hours
Song av The Velvet Underground
frå albumet The Velvet Underground
Utgjeve Mars 1969
Innspelt November – desember 1968
T.T.G. Studios,[1] Hollywood
Sunset og Highland Sound, Hollywood
Lengd 2:07
Selskap MGM Records
Komponist Lou Reed
Tekstforfattar Lou Reed
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent The Velvet Underground

«After Hours» er ein song frå 1969 skriven av Lou Reed[2] og framført av The Velvet Underground. Han er den tiande og siste songen på det sjølvoppkalla, tredje albumet deira.[3] Han er ein av få songar med solovokal av trommeslagaren Maureen Tucker, sidan Lou Reed meinte songen var «så uskuldig og rein» at han ikkje kunne syngje songen sjølv. Tucker vert akkompagnert av akustisk gitar og bass. Tekststilen og musikken kan minne om ein Tin Pan Alley-song frå 1930-åra. .[4]

Songen vart sidan spelt inn på ny av Maureen Tucker i lag med The Changelings i 2002. Han vart gjeven ut på singel i lag med «I'm Sticking with You».

Musikkvideo endre

I 2014 heldt Universal Music Enterprises ein konkurranse i samarbeid med Genero om å få laga ein offisiell musikkvideo for songen.[5] Frå 120 innsendte forslag, vart videoen til Choking Monkey Productions vald ut som vinnar og sidan lasta opp på Velvet Underground Vevo YouTube-kanalen.[6][7]

Andre versjonar endre

Medverkande på originalinnspelinga endre

Kjelder endre

  1. Discogs - T.T.G. Studios (Hollywood) profile and discography
  2. Martin Charles Strong, The Great Indie Discography (Canongate U.S., 2003), [1].
  3. Grow, Kory (24. november 2014). «The Velvet Underground on Most Profound Album: 'Lou Was a Force of Nature'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. desember 2017. Henta 25. mars 2022. 
  4. http://thepopbreak.com/2012/04/25/brent-johnsons-lost-songs-after-hours-by-the-velvet-underground/
  5. «The Velvet Underground - After Hours | Genero». Genero. Henta 28. mars 2021. 
  6. «The Velvet Underground – 'After Hours' Results». Genero. 22. januar 2015. Arkivert frå originalen 25. januar 2015. 
  7. «The Velvet Underground - After Hours - YouTube». YouTube. 24. februar 2015. Arkivert frå originalen 19. desember 2021.