Opna hovudmenyen
After the Storm
Studioalbum av Crosby, Stills & Nash
Utgjeve 16. august 1994
Innspelt 27. januar – 1. juli 1994
Sjanger Rock
Lengd 45:56
Selskap Atlantic
Produsent Glyn Johns
Crosby, Stills & Nash-kronologi
Carry On
(1991)
After the Storm Looking Forward
(1999)


After the Storm er det femte studioalbumet til Crosby, Stills & Nash som trio, gjeve ut på Atlantic Records i 1994. Det vart det siste albumet deira for Atlantic på nesten to tiår. Det nådde 98. plassen på Billboard 200, den lågaste plasseringa til dei åtte studioalbuma til CSN eller CSNY. Det var òg det albumet deira som selde dårlegast, like over 200 000 eksemplar.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
The Music Box3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Innhaldsliste

Bakgrunn og innspelingEndra

CSN turnerte mykje tidleg i 1990-åra og heldt over 200 konsertar frå 1990 til 1992, men tok ein pause i 1993.[4] I tida mellom det førre albumet i 1990, hadde Stills og Crosby begge gjeve ut kvar sine soloalbum, Stills Alone i 1991 og Crosby sitt Thousand Roads i 1993, medan Nash hadde sett saman ein plateboks i 1991. I høve 25-årsjubileet for debutalbumet deira gjekk gruppa i studio att for å ha eit album klart i butikkane i 1994.[5]

Albumet vart spelt inn i Los Angeles-området. «Only Waiting For You», «Camera», «It Won't Go Away», «In My Life», «Bad Boyz», «After The Storm», og «Panama» vart spelte inn i O'Henry Sound Studios i Burbank i California. «Unequal Love», «Till It Shines», og «These Empty Days» vart spelte inn i studioet til Jackson Browne, Groove Masters i Santa Monica i California. «Find A Dream» og «Street To Lean On» vart spelte inn i Ocean Way Studios i Hollywood.

Innhald og mottakingEndra

I motsetnad til det førre albumet deira, var alle songane (utanom ein Beatles-song) skrivne av trioen, utan låtskrivarar frå utsida. Borna til Stills, Jennifer og Christopher, var begge med på albumet. I tillegg til Ethan Johns, sonen til produsenten på albumet, Glyn Johns.

For å marknadsføre After the Storm heldt gruppa nesten hundre konsertar i 1994, inkludert Woodstock '94, og spelte på både The Tonight Show med Jay Leno og Late Night with David Letterman.[5]:287 Men i følgje Nash gjorde Atlantic lite marknadsføring for albumet, trass i at dei spelte på Woodstock-festivalen eller spelte på fjernsyn, og albumet selde dårleg.[5]:287 Som det førre albumdet deira, fekk albumet dårleg kritikk og vart dårleg motteke av fansen.[6]

InnhaldEndra

# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Only Waiting for You»  Stephen StillsStills 3:57
2. «Find a Dream»  Graham NashNash 3:51
3. «Camera»  David Crosby, Stephen StillsCrosby 4:18
4. «Unequal Love»  Graham NashNash 4:44
5. «Till It Shines»  David CrosbyCrosby 4:19
6. «It Won't Go Away»  Stephen StillsStills med Crosby 4:17
7. «These Empty Days»  Graham Nash, David CrosbyStills med Crosby & Nash 2:30
8. «In My Life»  John Lennon, Paul McCartneyCrosby, Stills & Nash 2:20
9. «Street to Lean On»  David CrosbyCrosby 3:36
10. «Bad Boyz»  Stephen StillsStills 4:16
11. «After the Storm»  Graham NashNash 3:34
12. «Panama»  Stephen StillsStills med Crosby & Nash 4:15

MedverkandeEndra

  • David Crosbyvokal; akustisk gitar på «Find a Dream» og «After the Storm»; nasjonal gitar på «After the Storm»
  • Stephen Stills – vokal; gitar alle spor utanom «Street to Lean On» og «After the Storm» bass på «Only Waiting for You» og «It Won't Go Away»; piano på «Only Waiting for You»
  • Graham Nash – vokal; akustisk gitar på «Find a Dream», «Unequal Love» og «After the Storm»; munnspel på «Find A Dream», «Unequal Love» og «In My Life» piano på «Find a Dream»

Andre medverkandeEndra

  • Ethan Johnstrommer på «Find a Dream», «Unequal Love», «Till It Shines», «These Empty Days», «In My Life», «Street to Lean On», «Bad Boyz» og «After the Storm»; perkusjon på «Find a Dream», «Unequal Love», «Till It Shines», «Bad Boyz» og «After the Storm»; gitar på «Find a Dream», «Till It Shines», «These Empty Days», «Street to Lean On» og «Bad Boyz»; mandocello på «In My Life»
  • Michael Finniganorgel på «Only Waiting for You», «Till It Shines», «It Won't Go Away», «Street to Lean On» og «Bad Boyz»; synthesizer, vokal på «Only Waiting for You»
  • Chris Stills – lys akustisk gitar på «In My Life»; Spanish guitar på «Panama»; piano på «These Empty Days»
  • Michael Hedges – gitar på «Street to Lean On»
  • Craig Doerge – klaverinstrument på «After the Storm»
  • Benmont TenchHammond B-3 på «Unequal Love»
  • Joe Rotondi – klaverinstrument på «Panama»
  • James «Hutch» Hutchinson – bass på «Find a Dream», «Unequal Love», «Till It Shines», «These Empty Days» og «Street to Lean On»
  • Alexis Sklarevski – bass på «Camera», «Bad Boyz» og «Panama»
  • Daniel «Freebo» Friedberg – bass på «After the Storm»
  • Rick Marotta – trommer på «It Won't Go Away» og «Bad Boyz»
  • Tris Imboden – trommer på «Camera» og «Panama»
  • Jody Cortez – trommer på «Only Waiting for You»
  • Rafael Padila – perkusjon på «Camera» og «Panama»
  • Lenny Castro – perkusjon på «Only Waiting for You»
  • Jen Stillskorvokal på «After the Storm»


KjelderEndra

  1. After the StormAllmusic
  2. John Metzger. «Crosby, Stills, and Nash - After the Storm (Album Review)». Musicbox-online.com. Henta 24. januar 2019. 
  3. «RIAA - Soundscan». Greasylakes. Henta 23. januar 2019. 
  4. Setlist.fm website henta 23. august 2015
  5. 5,0 5,1 5,2 Zimmer, Dave. Crosby, Stills & Nash The Biography. Da Capo Press 2000, ISBN 0-306-80974-5.
  6. Rate Your Music website henta 23. august 2015[daud lenkje]