Opna hovudmenyen

Afula (hebraisk skrift עֲפוּלָה) er ein by i Nord distrikt i Israel, ogte kalla «Hovudstaden i dalen», på grunn av den strategiske plasseringa i Jezreeldalen. Byen hadde 41 293 innbyggjarar på slutten av 2011.[1] Afula ligg omtrent halvvegs mellom Jenin og Nasaret.

Afula
עֲפוּלָה
by
Arlosoroffblvd3.jpg
Arlosoroff Boulevard
Våpenskjold
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°36′22.56″N 35°17′17.11″E
Areal 26,909 km²
Folketal 41 293 (2011) [1]
Folketettleik 1 535 / km²
Grunnlagd 1925
Borgarmeister Yitzhak Meron
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Afula

EtymologiEndra

Namnet «Afula» kjem frå namnet på den vesle arabiske landsby al-Fuleh, òg skrive al-Fulah, el-'Afuleh og Affule.[2] Det kan ha opphav i den kanaanittisk-hebraiske rota ofel («festningstårn»).[3]

HistorieEndra

I 1226 nemnte den syriske geografen Yaqut al-Hamawi staden som «ein by i Jund Filastin», og tidlegare ei krossfararborg mellom Zir'in og Nasaret.[4] Borga han nemnte er truleg La Fève, som høyrte til Tempelriddarane og som er kjend i samband med slaget ved Al-Fule i 1183. Ruinane av borga er funnen på ein ås der Merhavia kibbutz i dag ligg, kring 2 km aust for sentrum av Afula. Innafor sjølve byen Afula , på ein gammal haug eller tell kalla Tel 'Afula, ligg ruinane av ei anna borg frå krossfarar- og mamelukk-tida.

I 1799, under det syriske felttoget til Napoleon, vart slaget ved Tabor utkjempa kring al-Fulah.

 
Den store synagoga i Afula.

I 1909 eller 1910 fullførte Yehoshua Hankin det første store kjøpet i Jezreeldalen. Han kjøpte kring 10 km² med land i Al-Fuleh (no Afula), som vart heimstad til to moshav-busetnader, Merhavia og Tel Adashim. Afula vart grunnlagd i 1925 av American Zionist Commonwealth, etter at kjøpet av dalen var fullført av familien Sursuk frå Beirut. Kring 25 av dei rundt hundre arabiske familiane som budde i området, aksepterte kompensasjon for landområdet sitt, og reiste frivillig, medan resten vart kasta ut.[5] På den tida tente samfunnet Jezreeldal-banen, ein del av den større Hejaz-banen. Sidan 1913 var han òg endestasjon for greina som knytte han til Jenin og seinare til Nablus. Sabotasjarav jødisk undergrunnsmilitsar i 1945, 1946 og kort tid før den arabisk-israelske krigen i 1948 råka først sambandet til Jenin, og sidan heile dalen. Reparasjonar på jernbanen i 1948 gjorde at toget kunne nå Haifa, men i 1949 vart banen nedlagt. Det har vore mange planar om å ta opp att linja, men først i 2016 er Haifa-Afula-Beit She'an-prosjektet truleg ferdig.

Sidan Afula ligg nær Vestbreidda, har han vore mål for palestinske politiske valdsepisodar.[6] Den 6. april 1994 tok ein sjølvmordsbombar livet av fem menneske i sentrum av Afula. I eit økseåtak i Afula i november 1994 vart ein 19 år gammal kvinneleg soldat angripen og drepen av ein militant arabar med øks.[7] Afula var òg målet for eit sjølvmordsåtak på ein buss den 5. mars 2002, der ein person omkom og fleire andre vart skada på den sentrale busstasjonen i byen. Ein kvinneleg sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv på eit kjøpesenter i Afula den 19. mai 2003, der tre personar mista livet og 70 vart skada. Åtaket vart utført av den palestinske Islamsk Jihad og Fatah-rørsla i Al-Aqsa martyrbrigade.

Den 17. juli 2006, under Israel-Hizbollah-krigen, avfyrte Hizbollah Katyusha-rakettar mot Afula, et av dei sørlegaste rakettåtaka på Israel frå Libanon. Seks menneske vart behandla for sjokk som følgje av raketten. Den 28. juli skapte ein annan rakett brann i byen.[8]

IdrettEndra

Basketballaget i byen, Hapoel Afula spelar i dag i Liga Leumit. Den største fotballklubben i byen, Hapoel Afula, vann Liga Alef i 2012-13-sesongen.

VenskapsbyarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014. 
  2. [1]
  3. Afulah, Encyclopedia Judaica
  4. le Strange, Guy (1890), Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestina Exploration Fund, s. 441 
  5. Segev, Tom (1999). One Palestine Complete: Jews and Arabs Under the British Mandate. London: Abacus. s. 242. ISBN 978-0-349-11286-2. 
  6. Five die in latest suicide bombing; British bomber dead
  7. Arab Kills Female Israeli Soldier With Ax - The Washington Post den 1. desember 1994
  8. Hizbollah missils with 100 kg warhead strike in the Jezreel Valley

BakgrunnsstoffEndra

  Reiseguide for Afula frå Wikivoyage