Opna hovudmenyen

Agathe Backer Grøndahl

norsk pianist og komponist
(Omdirigert frå Agathe Backer-Grøndahl)

Agathe Backer Grøndahl (1. desember 18474. juni 1907) var ein norsk pianist og komponist av romantisk og nasjonalromantisk musikk.[1] Ho var den første viktige kvinnelege norske komponisten, og er i dag særleg kjend for songen «Mot kveld».

Agathe Backer Grøndahl
Agathe Backer Grøndahl.jpg
Fødd1. desember 1847
FødestadHolmestrand kommune
Død4. juni 1907
DødsstadOrmøya
FødenamnAgathe Backer
OpphavNoreg
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, musikkpedagog
Gift medOlaus Andreas Grøndahl
BornFridtjof Backer-Grøndahl, Nils Backer-Grøndahl, Anders Backer Grøndahl
Grava til Agathe Backer Grøndahl og mannen Olaus Andreas Grøndahl på Vår Frelsers gravlund i Oslo

Innhaldsliste

LivEndra

Agathe Backer var fødd i Holmestrand, men flytta ti år seinare til Oslo saman med familien. Der lærte ho pianospel og komposisjon hjå Otto Winther-Hjelm, Halfdan Kjerulf og musikkteori hjå Ludvig Mathias Lindeman. I 1865 reiste ho til Berlin for å studera ved Theodor Kullaks musikkakademi. Seinare studerte Backer under Hans von Bülow i Firenze, og under Franz Liszt i Weimar i 1873.

Agather Backer blei gift med Olaus Andreas Grøndahl, ein framståande kordirigent, i 1875. Dei fekk sonen Fridtjof Backer-Grøndahl.

PianistenEndra

Agather Backer Grøndal var ein pianist av verdsformat og gav konsertar i fleire europeiske land. Då ho studerte i Berlin gjorde ho lykke med Ludwig van Beethovens 5. pianokonsert. Ho spelte ofte verk av Edvard Grieg, og var tre gonger solist i Griegs a-moll-konsert med komponisten sjølv som dirigent. Backer Grøndahl var også ein nær venn av Edvard Grieg.

KomponistenEndra

Agathe Backer Grøndahl skreiv helst klaverstykke og romansar. Ho fullførte i alt 70 verk, og var ein framtredande skikkelse i norsk musikkliv. Mot slutten av livet vart Backer Grøndahl heilt døv, og måtte gjeva opp musikarlivet.

Agathe Backer Grøndahl døydde 59 år gamal i Kristiania den 4. juni 1907.

VerklisteEndra

  • Romansar og andre stykke for piano
  • Trois morceaux (for piano)
  • Sange ved havet (til tekstar av Holger Drachmann)
  • Fantasistykker
  • Norske folkeviser og folkedanser (for piano)
  • Etyder (for piano)

KJelderEndra

  1. Dahm, Cecilie (1998). Agathe Backer Grøndahl: komponisten og pianisten. Oslo: Solum. ISBN 8256011521. 
  Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.