Ahyee Aye Elvis

ivoriansk fotballspelar

Ahyee Aye Elvis (fødd 13. desember 1983 i Abidjan) er ein ivoriansk fotballspelar som spelar for Sogndal i den norske eliteserien. Elvis kom til Sogndal frå den ivorianske klubben Stella Club d'Adjamé i 2004, då Sogndal spelte i Tippeligaen. Han følgde med klubben ned i Adeccoligaen då dei rykte ned same sesongen, og spelte sin 100. seriekamp for Sogndal i 2010-sesongen. Han spelte då i dei fleste av Sogndal sine kampar, i sesongen då klubben rykte opp att i Tippeligaen. Då Sogndal starta tippeligasesongen 2011, var Elvis den einaste spelaren som var igjen frå laget som rykte ned i 2004. Elvis er gift og har ein son.

Ahyee Aye Elvis
Personleg informasjon
Fødd 13. desember 1983
Fødestad Abidjan
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sogndal
Nummer 6
Ungdomsklubbar
Elfenbeinskysten Stella Club d'Adjamé
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-03
2004-
Elfenbeinskysten Stella
Noreg Sogndal
30 (10)
129 (16) [1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. september 2011

Fotnotar endre

  1. Sogndal Fotball sine nettsider

Kjelder endre