Airdrie i Alberta

Airdrie er ein by i Alberta i Canada, ikkje langt frå Calgary. I 2011 hadde byen eit folketal på 42 564 personar.[1]

Airdrie
by
Land  Canada
Stat Alberta
Region Calgary Region
Areal 33,10 km²
Folketal 42 564  (2011[1])
Tidssone MST
Kart
Airdrie
51°17′30″N 114°00′50″W / 51.2917°N 114.014°W / 51.2917; -114.014
Nettstad: http://www.airdrie.ca

Historia til byen går tilbake til 1891, då det blei bygd ein jernbanestopp her under bygginga av jernbanen mellom Calgary og Edmonton. Han blei kalla opp etter Airdrie i Skottland.[2] Det blei likevel ikkje bygd noko særleg meir her før i 1901, då det mellom anna kom til eit postkontor og ein butikk.[3] Dei neste åra kom det raskt til fleire matbutikkar, apotek, hotell og restaurantar. I september blei 1909 Airdrie erklært som by, og i 1974 fekk han byrettar.[4] Airdrie hadde ei folkeauke frå 309 innbyggjarar i 1959 til 1 442 i 1977. Sidan gjekk auken raskt, og i 1982 var innbyggjartalet 9 981. Dette kan delvis forklarast med at mange folk som arbeider i Calgary har flytta ut til Airdrie.

Airdrie har ein venskapsby i Sør-Korea, Gwacheon.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Population and dwelling counts, for Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), 2011 and 2006 censuses». Statistics Canada. Arkivert frå originalen 17. august 2012. Henta 24 mars 2014. 
  2. Place-names of Alberta. Ottawa: Geographic Board of Canada. 1928. s. 10. 
  3. Read, Tracy (1983). Acres and Empires : a history of the Municipal District of Rocky View No. 44. s. 56. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 24. mars 2014. 
  4. «Location and History Profile». Alberta Municipal Affairs. Henta 24 mars 2014.