Airspeed Ltd vart grunnlagt i 1931 som Airspeed Aircraft i York England av grunnleggjarane A. H. Tiltman og Nevil Shute. Med seg hadde dei personane som tidlegare hadde arbeidd med bygging av luftskip (Dei tidlegare luftskipa «R100» og «R101»).

Med svak økonomi sleit foretaket seg gjennom 1930-talet. Dets første konstruksjon var Airspeed AS.4 Ferry som vart lansert i april 1932 . Året etter flytta verksemda til Portsmouth der selskapet i 1934 vart slått saman med skipsverftet Swan Hunter & Wigham Richardson Limited og vart til Airspeed Ltd i august same år. I løpet av 1936 vart sportsflyet AS.8 Viceroy konstruert og bygt for å delta i ein interkontinental flykonkurranse.

Den største suksessen for selskapet kom først i 1937 med skuleflyet AS10 Oxford som i stor utstrekking vart brukt av flyvåpen i fleire land for utdanning av flyvere.

Idene til selskapet vart lagd merke til av dei Havilland som i 1940 kjøpte opp Swan Hunter & Wigham Richardson Limiteds aksjar i selskapet. Under andre verdskrig vart der satsa stort på å byggja glideflyet Horsa. Horsa vart bygd i over 3 800 eksemplar og levert til Royal Air Force og USAAF. Det spelte ei stor rolle under krigen med transport av luftbårne troppar under invasjonen i Frankrike i 1944.

Airspeed Ambassador

Etter krigen var det ein svak marknad for nye fly, men Airspeed satsa på å byggja om brukte fly frå krigen til sivile føremål. Den svake økonomien gjorde sitt til at dei attverande aksjane vart kjøpt opp av dei Havilland i 1951 og dermed forsvann selskapet som ein sjølvstendig flyfabrikk.

Fly bygde hos Airspeed endre

i utval

  • Airspeed Oxford
  • Airspeed Ambassador
  • Airspeed AS.6 Envoy
  • Airspeed Horsa
  • Airspeed AS.4 Ferry
  • Airspeed AS. 8 Viceroy
 
Glideflyet Airspeed Horsa