Ajloun
Ajloun(arabisk عجلون, ‘Ajlūn), òg skrive Ajlun, er det administrative senteret i Ajloun guvernement, ein fjellby nord i Jordan, 76 kilometer nordvest for Amman. Han er kjend for dei imponerande ruinane av ei borg frå 1100-talet, kalla Ajlunborga.
Ajloun | |||
مدينة عجلون, Ajlun | |||
by | |||
Ajlun frå Ajlunborga
| |||
Kallenamn: Jordan grøn | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
guvernement | Ajloun | ||
Høgd | 719 moh. | ||
Koordinatar | |||
Areal | 4 km² | ||
- storbyområde | 30 km² | ||
Folketal | 8 200 (2004) | ||
- storby | 55 000 | ||
Folketettleik | 2 050 / km² | ||
Kommune oppretta | 1920 | ||
Retningsnummer | +(962)2 | ||
![]() Ajloun | |||
Wikimedia Commons: Ajlun | |||
Nettstad: http://www.ajloun.gov.jo | |||
Ajlun guvernement har eit folketal på over 142 000 fordelt på 27 landsbyar og byar
Bydelar i Ajloun storbyområde endre
Det er fem bydelar i Stor-Ajloun kommune:
Bydel | |
---|---|
1 | Ajloun |
2 | Ain Janna |
3 | Anjara |
4 | Sakhra |
5 | Rawabi |
6 | Safaa |
7 | Khet Al-Laban |
8 | Kufranjeh |
Demografi endre
I følgje folketeljinga i 2004 hadde byen Ajloun 7 289 innbyggjarar, medan heile Ajloun guvernement hadde kring 140 000 innbyggjarar i 2010. Muslimar utgjer majoriteten av folkesetnaden, men her finst òg kristne minoritetar.
Skildring endre
Ajlunborga ligg på staden til eit gammalt kloster. Det vart ombygd til ei borg i 1184 av Izz al-Din Usama, ein general i hæren til Saladin. Borga kontrollerte vegen mellom Damaskus og Egypt. Borga markerer det lengste frankarane kom under krosstoga. Mamelukkane bygde eit høgt tårn ved borga. Ho vart erobra av mongolar i 1260 og vart delvis øydelagd i prosessen. Det vart òg gjort store skadar under eit kraftig jordskjelv i 1926-7.
I sentrum av Ajloun ligg Den store moskeen i Ajlun. Denne moskeen er den eldste som er bevart i Jordan og er datert til kring år 800. Bygget var tidlegare ei bysantinsk, kristen kyrkje, og ein har funne greske inskripsjonar på dei eldste delane.
Tell Mar Elias ligg like utafor bygrensa. Her finn ein bysantinsk kyrkjemosaikk som vert avdekt om sommaren så at turistar kan få sjå.
Ajloun skogsreservat ligg òg i nærleiken. Heile området skal ha vore ein av dei største skogane i Midtausten, men store delar vart hogge ned slik at tyrkarane kunne bruke tømmeret som brensel for jernbanen til Mekka.
Klima og geografi endre
Ajlunfjella er kjende for den frodige vegetasjonen og dei tette, grøne skogane med fine høve for turar. Det høgaste fjellet er kring 1268 meter over havet. Ajlounfjella får noko snø kvar vinter, frå desember til mars.
Galleri endre
-
Ajlunfjella
-
Ajlunborga
-
Frukost i Ajlun
-
Skogar kring Ajloun
-
Sentrum av Ajloun
-
Den store Ajloun-moskeen.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Ajloun» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- http://www.visitjordan.com/visitjordan_cms/MajorAttractions/Ajlun/HistorieCulture/tabid/173/Default.aspx[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff endre
- Jordan turistråd Arkivert 2014-06-16 ved Wayback Machine.