Akademia er ein kollektiv term for studentar og høgtutdanna folk som driv med høgare utdanning og forsking. Ordet kjem frå akademiet i Athen, som vart namngjete som eit senter for lærdom. Staden var dedikert til visdomsgudinna Athene.

Akademia har kome til å bety den kulturelle akkumulasjonen av kunnskap, det vil seie utviklinga og overføringa av denne frå generasjon til generasjon. På 1600-talet vart termen popularisert i Storbritannia og Frankrike til å skildre visse typar institusjonar for høgare utdanning.

Ein akademikar er da vanlegvis ein person som arbeider som forskar og/eller lærar ved eit universitet eller ein høgskole. Vedkomande har nesten alltid ei høgare akademisk utdanning sjølv.

Kjelde endre

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Academia, som lesen 28. juni 2009.