Akin Düzakin
Akin Düzakin (fødd 21. mai 1961 i Gaziantep i Tyrkia) er ein tyrkisk-norsk illustratør og barnebokforfattar busett i Noreg sidan 1987. Han er utdanna i industridesign frå Ankara og frå Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Der han studerte frå 1987 til 1994.
Akin Düzakin | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. mai 1961 (63 år) Gaziantep |
Yrke | illustratør, barnebokforfattar |
Språk | tyrkisk |
Akin Düzakin har illustrert ei lang rad barnebøker, mellom anna bøkene om Tvillingbror og Tvillingsøster av Liv Marie Austrem, som han fekk Brageprisen for i 1995 og 1997. Saman med Oddmund Hagen fekk han Unni Sands bildebokpris for 1998 for biletboka Over jordet.
Akin Düzakin er særleg kjent for vakre akrylmaleri i delikate fargenyansar med poetiske, lett naivistiske motiv og tydelege figurar. Han har store biletskapande evner og uvanleg stor handverksmessig tryggleik i arbeida sine. Düzakin blir sett på som ein av dei aller beste illustratørane i Noreg i dag og kanskje den førande biletbok-illustratøren.