Akkalasamisk, bestemorsamisk eller babinsk-samisk er eit austsamisk språk som vart snakka i Babinsk-området (bokstavleg 'Bestemorområdet') i Murmansk oblast i Russland. Den siste talaren av akkalasamisk, Marja Sergina, døydde 29. desember 2003.[1] Akkalasamisk er altså eit utdøydd språk.

Akkalasamisk
Klassifisering uralske språk
 finsk-ugriske språk
  samiske språk
  austsamiske språk
   Akkalasamisk
Bruk
Tala i Russland
Område Murmansk oblast
Akkalasamisktalande i alt 0
Rangering «Ikkje topp-100»
Skriftsystem -
Offisiell status
Offisielt språk i -
Normert av Forskningscentralen för de inhemska språken
Språkkodar
ISO 639-3 sia
Glottolog akka1237

Tradisjonelt budde akkalasamane i dei tidlegare landsbyane Babino og Jokostrov ved sjøen Imandra nær kysten av Kvitsjøen nord for Kandalakša.

Språkleg sett ligg akkalasamisk mellom kildinsamisk og skoltesamisk, kanskje nærare skoltesamisk.

P.M. Zajkov har skrive ein monografi over akkalasamisk.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Zajkov, P. M. 1987. Babinskij dialekt saamskogo jazyka (fonologo-morfologičeskoe issledovanie). Petrozavodsk: Karelija.
  Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.