Aksellast

(Omdirigert frå Akseltrykk)

Aksellast er massen som kviler på kvar aksling på eit køyretøy. Denne massen er avgrensa for å unngå skade på vegbanen. Eigentleg er skaden på vegen proporsjonal med marktrykket (eining Pa), men ettersom gravitasjonen er tilnærma konstant på jordoverflata er vekta (ei kraft, med eining N) tilnærma proporsjonal med massen. Dessutan er arealet til anleggsflata mellom dekka og marka tilnærma konstant. Marktrykket er difor proporsjonalt med massen som kviler på kvar aksling. Massen er enklare å måla enn marktrykket og det er massen, med eining kilogram, eller metrisk tonn, som vert regulert av myndigheitene.

Målestasjon for aksellast i Rouffignac-Saint-Cernin-de-Reilhac i Dordogne i Frankrike.
Teleskade i Puolanka i Finland.

Klassifisering av veganeEndra

I Noreg er største tillatne aksellast på offentlege vegar regulert gjennom køyretøyforskrift og vegforskrift. Største tillaten aksellast har vegar i brukarklasse (Bk) 10. Her kan aksellasta på ein enkel aksling vere inntil 10 tonn, aksellasta på ein boggi 16 tonn og aksellasta på ein trippelboggi 22 tonn[1]. To akslingar vert i denne samanhengen rekna som boggi når avstanden mellom dei er frå 1,2 til 1,79 m. Tre akslingar vert rekna som trippelboggi når avstanden mellom kvart par av dei ikkje overstig 1,8 m [1].

Bilen kan likevel ha éin drivaksling med aksellast inntil 11,5 tonn. Buss med luftfjøring eller tilsvarande fjøring kan ha noko høgre aksellast enn 10 t også på dei frittrullande akslingane.

Variasjonar med årstidaEndra

Vegstyremaktene i Noreg utarbeider veglister med oversikt over tillaten aksellast på ulike vegar til ulike årstider[2]. Nokre vegar har auka tillaten aksellast når marka er frosen (vinteraksellast), og nokre vegar har redusert aksellast under teleløysinga på våren.

Kontrollar og gebyrEndra

Statens vegvesen har fleire bilvekter og utfører frå tid til anna kontrollar av aksellasta, der dei ilegg gebyr for overlast [3]. Gebyr for overlast vert ilagt eigaren av køyretøyet og kan koma opp i store summar [4]. I tillegg risikerer føraren bot.

Aksellast på jarnbaneEndra

Jarnbanelinjer har òg strenge reglar for aksellast. På norske jarnvegar er maksimal aksellast mellom 20,5 og 22,5 tonn[5]

KjelderEndra

Sjå ògEndra