Ein akseptor er eit framandatom som vert tilsett halvleiarar for å lage p-materiale. Dette vert kalla doping. Ein akseptor har eit elektron mindre i valensskalet enn det udopa halvleiarmaterialet. Når materialet vert dopa med akseptoratom får nokre av dei kovalente bindingane i krystallet eit elektron for lite, slik at det oppstår eit positivet hol. Det er framleis like mange elektron som positron i det dopa materialet, så det er framleis elektrisk nøytralt.

Boratom fungerer som ein akseptor i eit forenkla todimensjonalt silisiumkrystall.

Vanlege akseptorstoff er grunnstoff frå tredje hovudgruppe i periodesystemet. Bor, indium og gallium er typiske akseptoratom.

Kjelder endre

  • Millman, J. og Grabel, A., Microelectronics, 2. utg., McGraw-Hill, 1987.
  • Floyd, T.L., Electronic devices, 9. utg., Pearson, 2012.

Sjå òg endre