Akterspegel er den plane eller svakt konvekse flata på tvers av lengderetninga heilt akter på mange båt- eller skipsskrog.[1]

Akterspegelen på «Sichem Princess Marie-Chantal»

Akterspegelen er vanlegvis nesten like breitt som tverrsnittet til båten på det breiaste. Nokre speglar er i tillegg nesten like djupe som båten på det breiaste, medan andre båtar har eit lot akter, eller ein nederdel av ein akterstemn. Spegelen byrjar difor ganske høgt oppe, og undervassskroget går heilt ut i ein spiss som på spiss-stemna båtar.

På ein del tradisjonelle båtar langs norskekysten vert båtar med spegel gjerne kalla gavlbåtar, fordi akterspegelen på ein båt òg vert kalla gavl (sml. gavl på hus). Dette er nesten utan unntak båtar der spegelen (gavlen) byrjar ganske høgt oppe.

Enkelte båttyper har spegel både føre og bak: Ein del flatbåtar er ganske kasseforma, med flat botn, rette sider og dei to speglane tilnærma) like store. Prammane har rund botn både på langs og på tvers, og har ein liten spegel føre, medan spegelen i akterenden er større og går heilt ned til båtbotnen. Nokre stadar vert båtar med pramfasong kalla ferje.

Kjelder endre

  1. «A». Seilskipklubben. Arkivert frå originalen 25. mars 2017. Henta 22. januar 2016.