al-Bikai'a òg skrive al-Buqei'a (arabisk البقيعة) er ei palestinsk landsbygruppe i Tubas guvernement som består av dei tre grendene Khirbet al-'Atuf, al-Hadidiyah og al-Humsa. Området ligg på ei flat slette omgjeve av fjell, i ei høgd 50 meter over havet. Det samla folketalet i al-Bikai'a var 227 i 1997 og 1 850 i 2005.[1] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde al-Hadidya eit folketal på 183 innbyggjarar.[2]

al-Bikai'a
البقيعة, al-Buqei'a
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Tubas guvernement
Koordinatar 32°15′53.38″N 35°26′12.98″E / 32.2648278°N 35.4369389°E / 32.2648278; 35.4369389
Areal 29,5 km²
Folketal 1 850  (2006)
Folketettleik 63 / km²
Grunnlagd 1500
 - Bystatus 1996
Kart
Al-Bikai'a
32°15′53″N 35°26′13″E / 32.264827777778°N 35.436938888889°E / 32.264827777778; 35.436938888889
Wikimedia Commons: Al-Bikai'a

Abu Bakr as-Sadiq-moskeen er den einaste moskéen i al-Bikai'a og ligg i Khirbet al-'Atuf. Her finst òg ein skule og ein barnehage. Dei fleste innbyggjarane går på skule i Tammun.

Historie endre

Al-Bikai'a har vore busett sidan osmansk tid i Palestina. Området kring landsbyen vart fråflytta, men etter kvart kom arabarar frå Tammun, hovudsakleg familiane Bani Odeh og Bsharat, og slo seg ned i området. Khirbet al-'Atuf vart kalla opp etter 'Atif, ein ajjubide-soldat som døydde under krosstoga og al-Hadidiya vart kalla opp etter den svarte jorda her.[1]

Kjelder endre