Al-Hamidiyah
(Omdirigert frå Al-Hamidiyya)
Al Hamidiyah (eller al-Hamidiyya) (arabisk الحميدية) er ein by ved kysten av Syria, kring 3 km frå grensa til Libanon. Byen vart grunnlagd på kort tid etter ordre frå den osmanske sultanen ‘Abdu’l-Hamid II kring 1897, for å vere tilfluktsstad for muslimske kretarar, ofte omtalt som kretiske tyrkarar, men i røynda greske muslimar. Dei vart tvungen til å forlate Kreta då øya vart erobra av kongedømet Hellas frå Det osmanske riket under den gresk-tyrkiske krigen, og flytta av sultan 'Abdu'l-Hamid II her og andre kystbyar i Levanten og til og med Libya. I dag bur kring 8 000 innbyggjarar i byen, og flesteparten snakkar kretisk gresk til dagleg. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Hamidiyah eit folketal på 7 404 i 2004.[1]
Al Hamidiyah | |||
الحميدية | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tartus | ||
Distrikt | Tartus | ||
Nahiyah | Al-Hamidiyah | ||
Koordinatar | 34°43′N 35°56′E / 34.717°N 35.933°E | ||
Folketal | 7 404 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Al-Hamidiyah 34°43′00″N 35°56′00″E / 34.716666666667°N 35.933333333333°E | |||
Kart som viser Al-Hamidiyah.
|
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al-Hamidiyah» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketeljing 2004[daud lenkje]. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Tartus guvernement. (arabisk)