Al-Jazari

Abū al-'Iz Ibn Ismā'īl ibn al-Razāz al-Jazarī[1] (11361206) eller berre al-Jazari var ein kurdisk oppfinnar frå Jezira ibn Umar under Artukidane, noverande Cizre i Tyrkia. Han vert rekna som ein viktig vitskapsmann frå den muslimske gullalderen.

Al-Jazari
Fødd1136
Øvre Mesopotamia
Død1206
Tyrkia
Områdeulama, automat, maskinteknikk
Yrkematematikar, oppfinnar, skribent, ingeniør, astronom
Teikning av vasspumpa til Al-Jazari

I 1206 gav al-Jazari ut boka Kitáb fí ma'rifat al-hiyal al-handasiyya ('Bok om kunnskap innan innovativ mekanikk'), der han beskreiv 50 forskjellige mekaniske innretningar. Ei av dei viktigaste oppfinningane hans var veivakselen og råden, som gjer at ein kan omforma ei linear rørsle til rotasjon, eller omvendt. Veivalsen og råden er viktige komponentar i dampmaskinar og forbrenningsmotorar. Al-Jazari nytta denne oppfinninga i ei vasspumpe.

FotnotarEndra

  1. arabisk أَبُو اَلْعِزِ بْنُ إسْماعِيلِ بْنُ الرِّزاز الجزري
  Denne teknologiartikkelen som har med Irak å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.