Al-Qutailibiyah (arabisk القطيلبية, òg skrive Kotailabiyah eller Qutelbyeh) er ein by nordvest i Syria i Jableh-distriktet i Latakia guvernement, sør for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Arab al-Mulk og Qurfays i vest, Jableh i nordvest, Siyano i nord, Ayn al-Sharqiyah i nordaust, Daliyah i søraust og Dweir Baabda i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Qutailibiyah eit folketal på 5 566 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Qutailibiyah nahiyah («underdistrikt») som består av 32 stader med eit samla folketal på 32 582 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar frå klanane Bani Ali (ein del av Haddadin-føderasjonen) og Kharalis Ghuraba (ein del av Kalbiyya-føderasjonane).[2]

Al-Qutailibiyah
القطيلبية, Kotailabiyeh
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Jableh-distriktet
Nahiyah Al-Qutailibiyah
Koordinatar 35°17′20″N 36°0′55″E
Folketal 5 566 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Mange av innbyggjarane i al-Qutailibiyah har band til tryggleiksinstitusjonane i landet, særleg i forhold til Ali Douba, og mange av føretaka i al-Qutailibiyah, særleg grossistar som sel varer til føretak i nærleiken av al-Ghabsletta.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Balanche, Fabrice (2006). Les Alaouites l'espace et le pouvoir (PDF) (på fransk). Karthala Editions. ISBN 2845868189.